Gå videre til innhold

Emner: Politikk

  • Samlagets haustliste 2022

    Samlagets haustliste 2022

    På haustlista til Samlaget finn du mellom anna bøker av Agnes Ravatn, Oddgeir Bruaset, Anders Totland, Warshan Shire og Terrance Hayes. Halvor Folgerø følgjer opp fjorårets store suksess Vestlandsvegar med Fleire vestlandsvegar.  Det kjem også biografiar om Erling Braut Haaland, Berge Furre, Liv Signe Navarsete og Georg Johannesen. Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske har gått saman om  Barnebibelen

  • Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

    Biografien om Liv Signe Navarsete kjem hausten 2022

    Journalist og kommentator i Bergens tidende, Jens Kihl, skriv biografien om den markante Sp-politikaren. Boka er planlagt å komme på Det Norske Samlaget hausten 2022.
    -Dei aller fleste har ei meining om Liv Signe Navarsete. Ho gjorde ting på sin eigen måte og har aldri vore redd for å provosere. Eg håpar denne boka kan kaste nytt ljos over ein av dei mest særmerkte politikarane frå Vestlandet o

  • Maria Lavik. Foto: Tove K. Breistein

    Ny bok om fattigdom i Noreg; "Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom" av Maria Lavik

    Sidan 2001 er delen fattige barn meir enn tredobla i Noreg. Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land? I den nye boka Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom fortel Maria Lavik frå denne verkelegheita. 
    Lanseringsarr. på Månefisken i Oslo 13.8.: https://bit.ly/37AJ3Fu
    Digitalt lanseringsarr. på Facebook: https://bit.ly/3fVmzDN
    Lanseringsarr. på Arendalsuka: https:/

  • Ny bok om høgreekstremismen i Tyskland

    Ny bok om høgreekstremismen i Tyskland

    Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med boka Det mørke Tyskland: ei reise blant høgreekstremistar. Kva i alle dagar er det som skjer i Tyskland? I boka tek Dypvik oss med på ei reise inn i dei høgreekstreme miljøa i Tyskland. Ho fortel kven dei er, kva dei står for og korleis dei har klart å bli så sterke. Vi møter Pegidademonstrantar, blir med på folkemøte i fjellområdet Erzgebirge der AfD er

  • Ny bok frå innsida av PSTs livvaktteneste

    Ny bok frå innsida av PSTs livvaktteneste

    Enkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. I den nye boka Livvakt. På innsida av PST tek NRK-journalist Simon Solheim oss med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi får følgje livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. Vi får innblikk i trusselbiletet og den vanskelege jobben med å

  • Ny bok: "Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk"

    Ny bok: "Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk"

    Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar gjennom Krfs skjebnehaust for eit år sidan. I Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk  som vert lansert i morgon 30.10., fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane, om striden mellom Knut Arild Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde underve

  • Ny bok av Kristina Leganger Iversen om kva morskapet betyr - historisk, økonomisk og personleg

    Ny bok av Kristina Leganger Iversen om kva morskapet betyr - historisk, økonomisk og personleg

    Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av – for kven blir ein om ein blir mor?
    Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på f

  • "Hjartebank"-ny biografi om Oddny Miljeteig

    "Hjartebank"-ny biografi om Oddny Miljeteig

    Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig er ein biografi om ein markant sosialpolitikar og eit motstraumsmenneske det er vanskeleg å stille seg likegyldig til. Boka er også ei forteljing om å leite etter sitt biologiske opphav. Forfattar er den prisløna BT-journalisten Kjersti Mjør. 
    Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje

  • Jens Kihl. Foto: Bjørn Bøe

    Jens Kihl er ute med boka "Dette er også Noreg. Kommunal feelgood"

    Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. I den nye boka "Dette er også Noreg. Kommunal feelgood" følgjer vi journalisten Jens Kihl turen rundt til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri?
    Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar h

  • Ny debattbok om NATO, militærpolitikk og norsk USA-servilitet

    Ny debattbok om NATO, militærpolitikk og norsk USA-servilitet

    Lanseringsarrangement: Forfattar Jon Hellesnes i samtale med Kjartan Fløgstad om boka på Litteraturhuset i Oslo mandag 25.2. kl 1730. 
    Jon Hellesnes er aktuell med debattboka Natokomplekset. Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet. I boka argumenterer forfattaren for at under ei vernande skodde av hemmeleghald, uklar tale og semantisk forvirring er Solberg-regjeringa i ferd med å

  • Sigrun Slapgard med sterk dokumentarbok om Latin-Amerika

    Sigrun Slapgard med sterk dokumentarbok om Latin-Amerika

    I "Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier" tek Sigrun Slapgard oss med på reisene sine på dette valdelege kontinentet. Dette er historier som aldri har sleppt tak i Slapgard, og som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke. 
    Frå 1960-talet og fram til i dag har ordet forsvinne skapt politiske avgrunnar og personlege tragediar på det lat