Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Endeleg premiere på Into the Woods

    - Eg har venta på å spele heksa i Into the Woods i 20 år, da kan eg saktens vente ett år til, var Heidi Gjermundsen Brochs lakoniske kommentar da produksjonen blei koronautsett i ett år etter prøvestart i fjor. No blir det endeleg premiere - og endeleg får Gjermundsen Broch spele drøymerolla - med laustenner og fingrer som slår gneistar.
    INTO THE WOODS
    AV STEPHEN SONDHEIM OG JAMES LAPINE

  • Kvinnelege regissørar med minoritetsbakgrunn debuterer

    - Det detyr mykje for meg å få vere en del av Spire. Mellom anna har eg lært viktigheita av å vere ein god leiar, seier Jae Nyamburah. Ho er tidlegare student ved teaterutdanninga det Multinorske, og no er ho ein av tre som har fått prøve seg innan regifaget med Spire, eit kurs for kvinnelege regispirer med minoritetsbakgrunn. 30. mars skal resultatet frå ein månads intens verkstad bli vist for pu

  • Skeive ikon på Det Norske Teatret

    I år er det 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. Dette blir markert på Det Norske Teatret, mellom anna gjennom ei utstilling med unike portrett av nokre av dei som kjempa fram lovendringa og som har prega arbeidet for homofiles rettar.

    SKEIVE IKONER
    UTSTILLINGSOPNING LAURDAG 19. MARS KL. 17.30
    FOAJEEN PÅ DET NORSKE TEATRET
    Utstillinga Skeive ikoner er eit samarbeid m

  • Svein Tindberg får Vennelagsprisen 2022

    I går kveld mottok Det Norske Teatrets skodespelar Svein Tindberg Vennelagsprisen 2022 frå Venner av Det Norske Teatret.
    Prisen er på 30.000 kr., og skal i følgje vedtektene bli gitt til ein som er fast tilsett ved Det Norske Teatret, og som har gjort ein viktig innsats for teateret i seinare tid.
    Svein Tindberg er ein utøvande kunstnar som gjennom mange år har via sitt engasjement til temat

  • Bienes historie får premiere i Zagreb

    Midt under pandemien hausten 2020 fekk Maja Lundes kritikarroste roman Bienes historie i ein versjon av Lunde/Ingrid Weme Nilsen/Ola E. Bø/Nils Bech premiere i samarbeid med Nasjonalballetten. No set teatersjef Erik Ulfsby og heile det kunstnarlege laget framsyninga opp i Kroatia i ein ny teaterversjon.
    Sidan urpremieren på Bienes historie har FNs klimapanel kome med fleire åtvaringar om kor kr

  • Fuglane trekker tilbake til Det Norske Teatret

    I jubileumsåret til Tarjei Vesaas  (1897-1970) hentar vi fram eit meisterverk frå den nynorske litterære kanonen til Hovudscenen. Regien av Fuglane er ved den belgiske regissøren Luk Perceval, som vann Heddaprisen for beste regi sist han besøkte teateret med Jon Fosses Trilogien. Unikt for denne produksjonen er også at publikum kan følge prøvane direkte heilt fram til premieredagen på strøymeplatt

  • Historia om Alta-Kautokeino-vassdraget som dokuteater

    Ellos eatnu! Nullpunkt. fortel historia om kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget som gjekk føre seg frå 1979-1982. Slaget om vassdraget blei tapt, men blei definerande for korleis ein i ettertid har sett på samars rettar. For første gong vann samars krav om rettferdig behandling, verdigheit og respekt fram.


    ELLOS EATNU: NULLPUNKT.
    TYSDAG 22. FEBRUAR KL. 20.30 OG ONSDAG 23. FEBRUAR KL.

  • Ny premieredato for Eks

    Denne gongen er det noregspremieren på Eks av Marius von Mayenburg som blir utsett, men heldigvis berre med ein dag. Keeperen og havet har også fått ny dato.
    Her er eit oversyn over premieredatoane frametter:

    FEBRUAR
    19. Eks NY DATO!
    23. Keeperen og havet NY DATO!
    26. Fuglane

    APRIL
    2. Into the Woods
    23. Amsterdam
    29. Faderen

    MAI
    5. Shiemens
    14. Bror

  • Kjærleik og fasade

    Vel vi framleis kven vi skal dele livet vårt med ut ifrå fornuft og ikkje kjensler? I den blodferske relasjonskomedien Eks avslører dramatikar Marius von Mayenburg småborgarskapets fasadeliv i eit intrikat trekantdrama. 

    EKS
    av Marius von Mayenburg
    Noregspremiere fredag 18. februar kl. 20.30
    Scene 3
    Ein designsofa. Eit ektepar med høgare utdanning. Barna søv søtt på romma sine.

  • Charlotte Frogner debuterer som teaterregissør

    Med Marjas jord - ei absurd komedie med alvorlege undertonar – debuterer Det Norske Teatrets skodespelar Charlotte Frogner som teaterregissør på Scene 3.

    MARJAS JORD
    av Oleg Bogajev
    NOREGSPREMIERE TORSDAG 3. FEBRUAR KL. 20.30 
    PÅ SCENE 3
    I 2009 blei Frogner heidra med prisen for årets gjennombrot under utdelinga av Komiprisen for rolla som ei slags gamal utgåve av seg sjølv i fr

  • Moderne tekst i rokokkodrakt

    Moderne menneske med universelle problem kledd i rokokkokostyme møtest til nokre timars tilsynelatande glede når Arne Lygres første teaterframsyning for det store formatet har urpremiere på Hovudscenen.

    TID FOR GLEDE
    av Arne Lygre
    URPREMIERE 25. JANUAR KL. 20.00
    HOVUDSCENEN
    PREMIERESAMTALE 25. JANUAR KL. 19.15
    med Arne Lygre og Anette Trettebergstuen
    FOAJÉEN PÅ TEATRET OG

  • Det Norske Teatret opnar opp for 200 publikum frå laurdag

    - Vi er glade for at fleire skal kunne få glede av framsyningane våre igjen, seier ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby.
    Etter dei nye lettingane frå myndigheitene blir det igjen tillate med inntil 200 personar på innandørs arrangement med faste tilviste plassar og 1 meter imellom dei som ikkje er nærskylde.
    - Allereie laurdag er det ei stor glede at 150 fleire vil kunne sjå framsyninga Lehmantri

Vis mer