Nye husregissørar ved Det Norske Teatret
Tre nye husregissørar ved Det Norske Teatret Det Norske Teatret har tilsett heile tre nye husregissørar. Johannes Holmen Dahl, Kjersti Horn og Peer Perez Øian har alle takka ja til å vere med å prege repertoaret ved teateret. Desse vil vere del av den kunstnarlege staben ut perioden til teatersjef Erik Ulfsby, som grunngir valet av dei tre med at dei er blant Noregs mest spennande regissørar.