Gå videre til innhold
Med Scania i blodet

Nyhet -

Med Scania i blodet

“Draumen er å køyra på kontinentet» er noko av det fyrste Sondre Tveiterås uttaler i møte med oss. 14-åringen har allereie framtidsplanane klare. Storebror Henrik jobbar for Rykkje Transport. I sommar brukte Sondre mykje av skuleferien sin på å vera med storebror på turar til Østlandet, og til Sverige. «Dei har allereie spurt om eg vil jobba for dei, og kva for slag bil eg då vil ha», fortel han stolt.



Ved Hardangerfjorden, med utsikt over Folgefonna, møter vi familien Tveiterås frå Øystese. I eit forsøk på å visa fram kven #ScaniaFamilien eigentleg er, er dette ein god stad å starte. Det er lite som skil jobb og fritid i familien Tveiterås. På tunet står ein R650 A6x4 NB dumper med Istrail-påbygg og ein gamal Scania-Vabis L51 Drabant. Borti vegen har dei ein Scania 140 som restaureres. «Stefaren min leigde bilen, og eg satt på i den då eg var ung. Då eg fekk mogelegheit til å kjøpa den, var valet lett», fortel John Roger, far i familien. Bilen vart registrert i 1977, men ombygd allereie i 1976, og var såleis ein av dei fyrste bilane i V8-serien. Og det var kanskje der det starta, det som vanskeleg kan skildrast som noko anna enn Scania-tilbeding. Interessa for tungtransport sluttar ikkje med faren, men er godt etablert hjå sønene Andreas, Henrik, Sondre og Arne. Og ikkje minst hjå kona Bente.

I Øystese er det kort veg frå fjord til fjell. Det er ikkje sjeldan ein ser tung last og motortrøbbel på veg opp mot Hardangervidda eller Haukelifjell, som begge er notorisk kjent for lunefulle forhold og kolonnekøyring. På veg inn møtte vi ved nabobygda Eidsfjord ein lastebil med ope panser etter eit forsøk på å klatra opp dei lange bakkane. Det er ikkje utan grunn at dei lokale er opptekne av å ha rikeleg med kraft og dreiemoment ved låge turtal. «Du ser kven som er lokale på vegane, for å sei det sånn», seier Bente. I parken har John Roger også ei R540 A6x4 NB trekkvogn. «Eg merkar nok skilnad på motorane i dei verste oppoverbakkane. Det hendar eg saknar 650-en når eg køyrer trekkaren, 540-en overtok vi frå ein annan som hadde den i bestilling. No har vi bestilt ein ny som vert levert til jul 2023».

I 2019 starta John Roger opp Kvam Maskin og Transport (KMT) saman med 4 andre. «To av oss byter på å køyra trekkaren og dumparen annankvar veke. Sistnemnde gjekk vel rundt 200.000 km i fjor». KMT gjer alt innan grunnarbeid, muring og transport.

Primus motor

Den kraftigaste motoren i parken sit faktisk ikkje i Scaniaen. Det er Bente som er primus motor i familien Tveiterås. Ho har vore med på tallause turar sidan starten av John Rogers sjåførkarriere i 1995. Den begynte med langtransport nedover i Europa, det som no er draumen til nest minstemann. Etter at dei fekk eldstemann Andreas, ordna dei barnevakt hjå besteforeldra og drog saman på oppdrag. No er ho ikkje så interessert i å vera med på turar, men desto meir interessert i å støtta gutane i deira største lidenskap. Kveldane nyttast til strikking av sokkar med personlege detaljer som initialar. Når gutane treng ullsokkar i treskoa er det greitt å kunna skila på arbeidsantrekka etter vask. «Du må ikkje gje meg æra for strikkeoppskrifta altså. Den har eg fått av ein anna,» seier Bente blygt. Når vi får sjå sokkane er det likevel ikkje få eigne justeringar som er gjort for å enda opp med eit unikt design til sjåføren, eller den vordande sjåføren, som skal bruka dei.

Akkurat no strikkar ho nye sokkar til nesteldste sonen Henrik, som er sjåfør for Rykkje Transport. Henrik visste tidleg at han ville fylja same vegen som far sin. Til konfirmasjonen køyrde han fullt Scania-tema, og Bente brukte lang tid på fondantkaka med detaljar av fronten på ein Scania 140. ”Han var ganske bestemt på kva han ville ha sjølv», seier mamma. No køyrer han en spildrande ny treaksla R660 B6x4 NB flisbil som blei levert i juli 22. Det passar godt at mamma strikkar sokkar med «King of the Road» til sonen som bankar mange mil over Hardangervidda. Farens firma har han ikkje tenkt å jobbe for, ikkje helt endå iallfall. «Eg tenkjer det er greitt at han jobbar for nokon andre og, slik at han veks av seg litt ting før vi kanskje skal jobba saman», spøker John Roger.

Neste generasjon Tveiterås

I Henriks fotspor følgjer veslebror Sondre tett på. 14-åringen stiller godt førebudd til ei framtid som yrkessjåfør. Heile 1200 timer har han brukt på å designa bilar i dataspel. Der designar han gjerne bilen til broren Henrik, eller 140-en til pappa. Attpåtil har han tallause eigne design. «Eg kan velja mellom nesten alle modellar», fortel han ivrig. Kveldane og helgane nyttar han gjerne til å køyra dei sjølvdesigna bilane dit han ynskjer å jobba når han vert stor nok til å ta lappen. «Sist veka var han i Russland», fortel pappa. «Berre ein kort tur innom då, 500 meter eller noko», skyt Sondre inn der han sit bak rattet. Riggen han har satt opp består av eit ratt frå ein 140 som eigentleg skulle inn i den 140-en dei restaurerer, men pappa har heldigvis eit ekstra. Giret er ein gaming-konsoll med pålima girkule, kjøpt inn frå ein som sel gamle delar. «Eg har også eit lydanlegg der eg høyer på V8-lyden og musikk medan eg køyrar. Mamma synst nok det bråkar litt mykje i stova i etasjen under, men det er sjeldan ho seier noko. Ho er veldig grei sånn». Det skjer til og med at pappa nyttar nokre timer på kvelden i sofaen bak gaming-oppsettet til Sondre, berre for å fylja med på køyreturen og lytta på V8-bromminga. «Det er ingen på skulen som er særleg interessert i lastebilar. Ein annan kanskje. Så eg speler mest med ein kompis», seier Sondre.

Diesel for alle pengane
«Her kostar dieselen berre 15 kroner», bryt Sondre ut. «Då er det berre å fylla full tank med ein gong», svarar pappa. Då dieselprisane var på sitt høgaste i sommar brukte vi opp mot 130.000 i månedan berre på ein bil. Då har det litt å seia om du lar bilen stå på tomgang for å halda hytta kjøleg. No har han investert i eit ekstra kjøleanlegg, som ikkje er avhengig av at bilen går.

«Eg håpar det fortset med dieselbilar ei god stund til, sånn at eg får køyrt det i eit år etter at eg får lappen», seier Sondre. «Det er vel og bra med anna drivstoff nedover i Europa med lange, rette strekker og bra veger, men det er noko heilt anna med dei vegane vi har her. Ein gong vart eg ståande nesten eit døgn for å venta på kolonnekøyring over fjellet. Då er du ganske avhengig av at ting funkar i kulda», fortel John Roger.

«Ein gong eg satt på med pappa vart brøytebilen føre oss øydelagt, og me måtte venta på ny brøytebil. Det tok heldigvis ikkje altfor lang tid», seier Sondre.

«Vi har aldri lagt nokon føringar på kva gutane skal verta», seier pappa John Roger. Sjølv har han vore interessert i lastebilar sidan han var liten gut. Han fekk sitja på både med naboen og stefaren. Når han fleire år seinare fant akkurat den 140-en han brukte å sitje på med vart valet enkelt. Han drog over fjellet for å henta den, og kom heim med to andre eldre bilar på lasset. Det er tydeleg at V8 har ei heilt spesiell tyding for denne gjengen. Den distinkte lyden av V8-motoren var det som gjorde Scania til «King of the Road» i si tid.

«Opplevinga når du set deg inn i ein Scania er helt unik. Den er ikkje samanliknbar med andre bilar. Eg køyrer no Scania fordi ikkje nokon annan duger. Det gjeld både bilane og folka hjå Scania. Gjennom åra har eg no køyrt mykje ulikt og vore på mange ulike verkstadar, men gutane hjå Scania Bergen er det noko spesielt med. At dei på kundemottaket også er tilgjengelege på kveldstid er svært verdifullt for oss som kundar», seier John Roger.

Mekanikaren

Familien Tveiterås har sin eigen mekanikar. Andreas har flytt heimanfrå, men bur ikkje langt borti vegen. Han jobbar som serviceleiar hjå Kjosås Maskin, farens gamle arbeidsgjevar. Han starta der tidlegare enn faren, og trivst på sjuande året framleis godt som anleggsmekanikar. «Han får ikkje lov til å skru på andre lastebilar enn Scania», spøker faren. Andreas var den fyrste til å sitje på med han, alt frå han berre var eit år gamal. Foreløpig kan det tyda på at han er den einaste av Tveiterås-borna som ikkje vel sjåføryrket. Å støtte dei vordande sjåførane gjer han likevel gladleg. Det er takka vera Andreas at Sondre har det oppsettet han har. Pc-en er arva nedover, og Sondre vonar sterkt at han vil arva ein litt nyare pc no som storebror har fått seg ny. «Det er lov å håpa», hintar han lite diskret til broren.

Medan vi snakkar om bransjens store mangel på mekanikarar fell det seg naturleg å spørja minstemann Arne om kva han vil verta. Eit forholdsvis naturleg spørsmål til mange born. Arnes uttrykk gjev meg kjensla av å ha spurt det dummaste spørsmålet han nokosinne har høyrt, så eg rettar meg. «Kva skal du køyra når du vert stor då?». Responsen gjer ikkje at eg virka mindre dum. «Scania», svarer han med eit litt oppgjeve blikk. Eg spør vidare om han vil køyra langtransport, eller kanskje jobba med anlegg i området. Det har han ikkje bestemt seg for enno, men parken av leikebilar kan tyda på langtransport. Minstemann var med pappa på langtur i sommar. Då koste dei seg med pannekaker laga i mikroen. «Så du nyttar ferien din til å jobba?» spør eg. «Det å vera med på tur er ferie då!», parerer Arne. Det er tydeleg at for denne familien er Scania meir enn berre ein bil.

Emner

Kategorier

Kontakter

John Lauvstad

John Lauvstad

Pressekontakt Sustainability, Marketing & Branding Director Bærekraft, PR og kommunikasjon 004790684523

Relatert innhold

Norsk Scania AS

Norsk Scania er i dag Norges største egeneide forhandlerkjede av tunge kjøretøy og en ledende aktør i transportbransjen. Selskapet har mer enn 1250 ansatte fordelt på 48 servicepunkter, hvor hovedtyngden er knyttet til servicemarkedet. I 2023 solgte selskapet transportløsninger for 7 milliarder kroner. Som datterselskap av det svenske selskapet Scania CV AB representerer vi alle deres produkter; lastebiler, busser, motorer og servicemarkedstjenester i det norske markedet. Globalt har Scania over 50.000 ansatte i omtrent 100 land, noe som gir grenseløse muligheter i en spennende bransje.

Norsk Scania AS
Drammensveien 159
0277 Oslo
Norge