Myrkdalen møter hausten med latter
Norway's best lanserer nytt arrangement i Myrkdalen. Siste helga i september går første utgåve av Fjellatter av stabelen ved Myrkdalen Hotel, med fleire velkjent stand-up artistar på programmet.
Norway's best lanserer nytt arrangement i Myrkdalen. Siste helga i september går første utgåve av Fjellatter av stabelen ved Myrkdalen Hotel, med fleire velkjent stand-up artistar på programmet.
Kest er Norway’s best sitt nye matkonsept. 3-4 kvelder i uken kan man gjennom sommersesongen og høsten bestille plass rundt smaksbordet på Hotel Aurlandsfjord i Aurland. Her serveres det en stadig skiftende 8-retters meny, helt ulikt noe man ellers får i regionen.
Norway’s Best Group AS kjøper seg opp til fullt eigarskap i The Fjords og blir eineeigar i satsinga på spektakulære og berekraftig fjordopplevingar.
Myrkdalen Fjellandsby styrker sitt kveldstilbod med eit spektakulært lysshow på kveldskøyring i Eventyrskogen. Med å investera i LED-belysning, vil gjestene no oppleva ein fargerik og magisk atmosfære medan dei susar nedover bakkane. Oscar (6) med vetlebror Kasper Hevrøy Baldry (4) er dei fyrste produkttestarane som fekk oppleva dei nye lysa i Eventyrskogen.
Verdscuprunden går over tre dagar, frå 5.-7. juli, midt i hjarta av Myrkdalen. I området rundt Myrkdalen Hotel vil det bli fylt opp med hinder som dei beste trialsyklistane i verda skal bryna seg på. Ritthelga i Myrkdalen vil markera starten på den internasjonale 2024-sesongen, som blir avslutta med VM i Abu Dhabi i desember.
Myrkdalen Fjellandsby gjer seg klar for ein av dei tidlegaste sesongopningane nokosinne. Laurdag 18. november opnar Myrkdalsekspressen og løype 1, samt Badnabakken, Mikkel- og Mikkelinetrekka. Ut november er det ope i helgene, men frå 1. desember går heisane kvar dag.
Kronikk av CEO i Norway’s best, Per B. Brochmann: Når nye kommunestyrer blir valgt, bringer de ofte med seg ulike visjoner og prioriteringer. Dette er selvsagt en naturlig del av demokratiet, men det kan også føre til uforutsigbarhet for reiselivsnæringen. Bedrifter som investerer tid, penger og ressurser i reiselivet, er avhengige av en viss grad av stabilitet og langsiktig planlegging.
Norway’s best opna i dag dørene til Sognaporten i Aurland og introduserer med dette starten på eit heilt nytt matkonsept. Frå i dag av kan du kjøpa enkle rettar som salatar, sandwichar, kaker og iskrem som du vel sjølv om du vil ta med eller nyta det i den nyoppussa kaféen ved Lærdalstunnelen. Matkonseptet vert vidareutvikla utover hausten.
Bent Cato Danielsen (54) er tilsett som ny Driftsdirektør (COO) i Norway’s best AS. Han jobbar i dag som konsulent for DNT. Danielsen har 15 års erfaring som operativ leiar for hotelldrift og resort drift, hovudsakleg frå England.
Bygging av dei to leilegheitsbygga, Sendo og Skabotn, i sentrum av Myrkdalen er vedteke og første spadetak vart satt 2. mai 2023. Prosjektet er ein del av ei større utbygging av sentrumsområdet og er ei strategisk satsing for å styrka attraktiviteten til Myrkdalen. Veidekke Entreprenør AS er vald som totalentreprenør for prosjektet, og overlevering er estimert til fjerde kvartal i 2024.
Etter ein fantastisk vinter, står Myrkdalen no framfor tidenes sesongavslutning. Ikkje berre står Open Klasse og konsertar med Michelle Ullestad og Slomosa for døra, men skisenteret er også arena for finalen i Jib League – ein ny, internasjonal Freeski-konkurranse som samlar verdas beste jibbarar.
Fredag 24. mars vedtok Vårstølen Utleige AS å kjøpa det prosjekterte leilegheitsbygget Skabotn i Myrkdalen sentrum. Ved tilstrekkeleg sal av leilegheiter i tvillingbygget Sendo, garanterer dette byggestart på begge bygga.
Myrkdalen utvider løypenettet sitt med to nye heisar som vil kopla området Mørkveslia saman med resten av skisenteret. Arbeidet med nye trasear startar så snart snøen er vekke, og planlagt driftstart er 1. desember 2023.
Ein ny rapport viser at det kan kuttast store mengder CO2-utslepp frå norske reiselivsdestinasjonar årleg. Berre i Flåm syner prosjektet at det kan kuttast heile 12 000 tonn CO2 årleg. – Ein må sjå heile destinasjonen under eitt, og lage ei omfattande tiltakspakke frå sjø til land som omfattar all reiselivsaktivitet, ikkje berre cruisetrafikken, seier hamnesjefen i Aurland, Tor Mikkel Tokvam.
Myrkdalen Fjellandsby har mykje å feire i år, og laurdag 17. desember er alle velkomne til jubileumsfeiring. Det er 20 år sidan fyrste spadetak vart satt i jorda for utbygginga, det er nær 20 år sidan det fyrste skitrekket stod klart og det er 10 år sidan Myrkdalen Hotel opna dørene. Det vert gode rabattar og moro for små og store.
Er samarbeid nøkkelen til suksess? På Næringskonferansen i Flåm 20. oktober, fortel spanande næringsprofilar sine historier om korleis samarbeid og samhandling har vore avgjerande for framgang.
Høsten er en herlig tid å besøke Flåm og for å gjøre det enda bedre har Norway's best satt opp et bredt høstferieprogram i samarbeid med lokale partnere. Høydepunktet er muligheten til å bli med Lars Monsen på tur i Aurlandsdalen, men det er også mulig å bli med lokale guider på turer med fjordutsikt, delta på sykkelrebus, dykke inn i vikinghistorien og nyte sesongens smaker i restaurantene.
Per Brochmann (52) er tilsett som ny sjef i konsernet Aurland Ressursutvikling AS og Norway’s best AS. Han er i dag CEO i Hurtigruten Destinations og Hurtigruten Svalbard. Seinast 1. februar 2023 tek Brochmann over leiinga av reiselivskonsernet som i eit normalår samla omset for rundt ein milliard, og har meir enn 500 heilårs- og sesongtilsette.
Fretheim Hotel i Flåm setter bærekraft ut i praksis gjennom mattilbudet. Kjøkkensjef Bjarte Finne sine gode samarbeid med lokale produsenter skaper enn vinn-vinn-effekt, som i tillegg til at gjestene får smake de beste råvarene også bidrar til levedyktig gårdsdrift og vedlikehold av naturlandskapet.
Laurdag 25. september kan ein få oppleva ein unik konsert med Ingrid Olava om bord på elektriske Legacy of The Fjords på Nærøyfjorden.
Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.
NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.
NBG er også ein stor eigedomsaktør.
Postboks 42
5742 Flåm
Norway