Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Nyhendebrev nr. 3 - Opera Nordfjord innbyr til 20-årsfest i 2018

    Kven hadde trudd at ein vill idé om å lage «opera til folket» i Sogn og Fjordane skulle slå rot, vekse og blomstre utan stans i 20 år? No ser operaentusiastane i Nordfjord fram til eit spennande jubiléumsår med eit variert repertoar for ALLE. Distriktsoperaen på Nordfjordeid feirar seg sjølv og ønskjer velkomen til fest.

  • Kristof Asbot - engasjert Ungarer hjå Opera Nordfjord.

    I 2015 valde Ungararen Kristof Asbot å flytte til Eid. Kristof er ein person med mange evner og interesse for kunst og musikk. Sidan hovedinteressa hans er innan klassisk musikk og opera var Kristof tidleg ute med å kontakte Opera Nordfjord. Det er vi takknemlige for. Les meir her.

  • Lokalprodusert lyskulisser i Sildagapet av Ovar Holmen.

    Oftast når Opera Nordfjord produserer opera på hausten vert det hyra inn profesjonell lysdesigner utanfrå fylket. Slik er det ikkje i Sildagapet. Ovar Holmen, Operahuset Nordfjord sin lysmann, har denne gangen tatt steget opp og står for alt av lys i denne produksjonen. Les meir her.

  • Havets sølv glitra i Sildagapet i kveld.

    Onsdag 4. oktober kl 21.10 gjekk sceneteppet att etter tredje akt i verdspremiera på Sildagapet. Opera Nordfjord ynskjer å takke publikum, solistar, frivillige, elevar og alle andre med ei vel gjennomført premiere. - i kveld oppførte vi oss som ein ekte sildestim, der koordinasjon, prestasjonar og retning gjorde dette til ei vakker oppleving, seier ein lukkelig operasjef Kari Standal Pavelich.

  • Verdspremiere på Sildagapet i dag!

    Opera Nordfjord ynskjer velkommen til verdspremiere på familieoperaen Sildagapet - ein opera om havets sølv. Her får du litt meir praktisk informasjon om framsyningane våre i Operahuset Nordfjord.

  • Martha elskar kontakten med publikum

    Martha Standal Pavelich har for fyrste gang ei hovudrollene i ein av hovedproduksjonane til Opera Nordfjord. Ho er spent, men gledar seg til å gå på scena i Operahuset Nordfjord og formidle historia til karakteren Inga i Sildagapet. Her fortel Martha litt meir om tankane til ein ung solist og korleis livet i operafamilien Standal Pavelich er.

  • Komponist Helge Sunde om musikken i Sildagapet.

    Korleis har Helge Sunde jobba med musikken til Sildagapet og kva har inspirert han. No er det nær premiera og alle får muligheten til å ro inn i den musikalske horisonten med Helge og resten av mannskapet i Sildagapet.

  • Sildeoperakulissar på veg til Operahuset Nordfjord

    Det er mange frivillige i arbeid for å lage opera på Nordfjordeid i desse dagar. Sydamene har sydd nye kjolar, sydd inn og ut gamle klede og tilpassa kostyma til det lokale operakoret. Men det viktigast som skjer dei neste dagane, er at scena i operahuset skal forvandlast til ei travel sildefiskehamn med eit yrande folkeliv. Scenografien dannar den viktige fysiske ramma - no er kulissane på veg!

  • Sildeopera i rute medan 20-årsjubiléet i 2018 tek form!

    Hektiske førebuingar til årets storsatsing, tingingsverket Sildagapet, har prega dei siste månadane. Alt er i rute til urpremiere 4. oktober. Dataspelmusikk står på programmet 2. , 3. og 4. mars i Sogndal, Nordfjordeid og Ålesund! Den store jubileumsframsyninga hausten 2018 vert operaen La Bohème av Giacomo Puccin. Førebels er det nok å begynne å gle seg vilt og setje av vekene 40 og 41.

Vis mer