Arnhild Skre skal skrive biografi om Theodor Kittelsen
Journalist og forfattar Arnhild Skre har gjort avtale med Det Norske Samlaget om å skal skrive biografi om kunstnaren Theodor Kittelsen. Boka kjem til Grunnlovsjubileet i 2014.
Journalist og forfattar Arnhild Skre har gjort avtale med Det Norske Samlaget om å skal skrive biografi om kunstnaren Theodor Kittelsen. Boka kjem til Grunnlovsjubileet i 2014.
Ny forlagssjef i Det Norske Samlaget, Håkon Kolmannskog, presenterer haustlista 16.8. torsdag kl 11 på Amalie Skram, Litteraturhuset i Oslo. Fest i Gøteborgsgt på Rodeløkka kl 16 same dag. Opplesing frå fleire av haustens forfattarar, musikalsk innslag og lett servering. Påmelding til m.hvamstad@samlaget.no innan 14.8. (skriv om du kjem på festen, pressekonferansen eller begge delar).
Den svenskfinske kultforfattaren Willy Kyrklund (1921 – 2009) er blitt kalla det vesle formatets store meister. Med Polyfem forvandla (1964) og Meisteren Ma (1953) står Kyrklund på si høgd som forfattar, og med denne dobbeltutgivinga blir desse bøkene for første gong tilgjenglege på norsk. Omsette av Gunstein Bakke.
Forfattar Ruth Lillegraven og Illustratør Inger Landsen står bak Mari og Magnus, ein ny småbarnsserie for aldersgruppa 3‒6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra. Det har til no kome to bøker i serien, Mari og Magnus flyttar inn og den ferske Mari og Magnus og smokketjuven.
Bente Riise (1962) vert ny redaktør for sakprosa i Det Norske Samlaget. Bente Riise er utdanna journalist, og har brei erfaring frå ulike medier. Ho har jobba som journalist i NRK, Dagbladet og Dagens Næringsliv, og vore redaktør i bladet Psykisk helse og tidsskriftet Syn og Segn. Ho fekk Nynorsk redaktørpris i 2011. Riise kjem frå Hareid på Sunnmøre.
Patti Smith signerer den norske utgåva av Just Kids på Ark Beyer i Bergen 23.6, kl 13-14. Seinare i sommar signerer ho på Norli Nordre gate i Trondheim 30.7 - kl 13-14 og på Tanum Karl Johan i Oslo 31.7 17-18.30. Just Kids kom ut på norsk i mars til strålande kritikkar. Boka er omsett av Brit Bildøen.
I Aareskjolds nye bok "Valkyrjesong" går ho til kraftig angrep på historikarane sin tolkning av sagaen: -Historikarane bruker sagaen som historisk kjelde når det tener deira eige bilete av denne tida som ei brutal og vanskeleg tid, men avskriva han som dikting når det handlar om kjærleik og tilhøvet mellom kvinner og menn, argumenterer ho.
Noregs avantgarde-dronning Karin Moe er aktuell med ny bok, "Skrifter". Med sitt særeigne språk og blikk deler ho av sine lesingar av norsk skjønnlitteratur og forfattarskapar, bibeltolkingar, kyrkjepreikar og samfunnskommentarar.
I barneboka "Familien Kråkestup og nyset i nabohuset" har debutant Kari Smeland skapt eit eventyrleg univers med eit vell av absurde hendingar. For barn 7-10 år. Kari Smeland (f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark, bur i Oslo og arbeider som bibliotekar.
Terje Torkildsen vann i dag Uprisen for andre gong, for spenningsboka Dystopia III. Prisen vart delt ut under Litteraturfestivalen på Lillehammer. Det er ungdommar frå heile landet som stemmer fram vinnaren. Samlaget har vunne prisen fire av dei seks gongene han har blitt delt ut.
Peter Careys siste roman Parrot & Olivier i Amerika er no ute på norsk. New York-baserte Carey har vunne og vore nominert til Bookerprisen fleire gonger.
Illustrasjonane i Elin Grimstads debutbok Månen som ville lyse som ei sol er unike. Utallige arbeidstimar har gått med til å klippe tusenvis av papirfigurar til biletboka. Teknikken ho har brukt er mest vanleg å bruke i animasjonsfilm, og ingen har tidlegare brukt teknikken i bokform.Kvart bilde er eit detaljrikt kunstverk, ei eiga verd med mykje å utforske både for barn og vaksne.