Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Uprisvinnar Torkildsen aktuell med ny ungdomsroman "Arrfjes"

    I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort.

  • Ny tradisjonell strikkebok frå Island er her: "Islandsk strikk"

    Islandsk strikk er ei bok med kring 60 tradisjonelle, men òg moderne oppskrifter for kvinner, menn og barn. Boka inneheld mange variantar av den klassiske islandske ullgensaren, men også mindre prosjekt som sokkar, vottar og skjerf. Islandsgensaren er eit eigna plagg i eit røft, nordisk klima.

  • Kjærleikstrilogien til Jon Fosse samla i eitt band

    I vår kom den siste romanen i i kjærleikstrilogien til Jon Fosse. No er dei samla i eitt band. I "Andvake" "Olavs draumar" og "Kveldsvævd" følgjer vi spelemannen Asle og kjærasten Alida, to elskande som prøver å finne sin stad i verda.

  • Kathrine Gregersen aktuell med "Strikk meir til nøstebarn"

    No kjem oppfølgjaren til "Strikk til nøstebarn" frå 2007: Kathrine Gregersen har utvikla nye oppskrifter og laga boka "Strikk meir til nøstebarn". Ingen av oppskriftene er publiserte tidlegare. Plagga er også denne gongen prega av begeistringa for det enkle og praktiske. Gregersen likar fine og gode bruksplagg som er enkle og artige å strikke.

  • Lars Mæhles nye krimbok, "Linnés dystre lærdom", er selt til tysk forlag

    Lars Mæhles nye krimbok, "Linnés dystre lærdom", er selt til det tyske forlaget, UIlstein Verlag, som blant anna gir ut Jo Nesbø og Liza Marklund sine bøker. Førsteboka i serien om psykolog og kickboksar Ina Grieg "Den mørke porten" er også selt til det same forlaget.

  • Ny barneroman i serien om Politihunden Falk

    Politihunden Falk på farleg oppdrag: Ei ny lettlesen og spennande bok om politihunden Falk og politidama hans, Hanne. Denne gongen må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg!

  • Linn T. Sunne aktuell med ny ungdomsroman: "Alt du kan ønske deg"

    Siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens.Har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil?

Vis mer