Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Unni Eikeseth aktuell med "Norske forskingsbragder"

    Kjemikaren Unni Eikeseth, kjent som blant anna programleiar frå Newton, gir oss her dei mest spennande og sentrale oppdagingane frå dei siste 150 åra med norsk naturvitskapleg og medisinsk forsking.
    Vi kjenner forskarparet May-Britt og Edvard Moser og oppdaginga deira av celler som utgjer hjernens stadsans. Men kven andre? Eikeseth tek oss med tilbake til 1870-talet, til Gerhard Armauer Hansen

  • Bomulv - ny biletbok av Njord Svendsen og Akin Duzakin

    Bomulv er ei biletbok om uventa vennskap og om kva det eigentleg vil seie å vere modig.
    Bomulv er ein ulv som ikkje kan ule. Han er ikkje like sterk som dei andre, og han ser ikkje ut som dei andre. Og no er han lei av å late som han er lik dei andre ulvane. Bomulv må vekk, og bestemmer seg for å forlate flokken og finne ut kva som er på den andre sida av skogen.
    Med melankoli og humor skild

  • Samlaget gir ut "Nynorsk litteraturhistorie" i 2018

    I samband med Det Norske Samlagets 150-årsjubileum i 2018 gir forlaget ut Nynorsk litteraturhistorie. Forfattar og professor Jan Inge Sørbø er hyrt inn til oppdraget.
    Prosjektet Nynorsk litteraturhistorie tek sikte på å framstilla den nynorske litteraturen frå Ivar Aasen og opp til samtida som ei, samanhengande forteljing.
    Sørbø er professor i litteratur og sosialfag og har gjeve ut 22 bøker

  • NYNORSK KVINNEKRAFT PÅ LITTERATURHUSET I OSLO 8. MARS

    Forfattarane Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug i møte med Kjartan Fløgstad. HKH Kronprinsesse Mette-Marit vil vere til stades på arrangementet.

  • Årets fyrste utgåve av Syn og Segn er på marknaden!

    I den fyrste utgåva i 2016 kan du lese og lære meir om mellom anna:

    USA: Korleis fungerer det amerikanske valsystemet i dag? Kva nye politiske og økonomiske utfordringar står USA overfor? Og kven blir eigentleg den neste presidenten i landet? Hans Olav Lahlum, Ebba Boye og Are Tågvold Flaten tek eit blikk på det amerikanske samfunnet og valkampen frå ulike synsvinklar.

    SAMTALEN: Terr

  • Bjørn T. Bøe debuterer med "Det er ein ELEFANT i barnehagen"

    Bjørn T. Bøe debuterer som barnebokforfattar med ei forteljing om å la seg rive med av fantasien og ikkje la kvardagen stå i vegen for leik og magi.
    Bøe meiner bestemd at vaksne har eit og anna å lære av barna og deira evne til å la fantasien leve.
    - Barn har ei eineståande evne til å sjå magien i kvardagen. Men sjølv om dei vaksne i boka ikkje klarar å la seg riva like godt med som Maren, s

Vis mer