Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Kaisa Aglen ute med ny diktsamling; "Mellom krig"

    Tekstane i Kaisa Aglens andre diktutgiving kretsar kring krig, språk og avstand. Vi rører oss i landskap som stadig trekkjer seg unna blikket som ser, og der vi stadig må skifte perspektiv. Noko har skjedd, kjem til å skje, burde ikkje skje, men skjer likevel. Kven har ansvar? Korleis leve med skuldkjensle og maktesløyse, korleis vere heime i verda i møte med det vonde? Aglen lèt ulike geografi ar

  • Maria Bokneberg debuterer med "Lukta av våt jord om natta"

    I debutboka si, tek Bokneberg opp korleis ein kan leve vidare etter at den næraste har valt å gi opp livet.
    LANSERING: på Boksalongen, Litteraturhuset i Bergen, fredag 2.9. kl 20 - ope for alle.
    Mie har dei siste par månadene budd på familiehytta saman med søstera Rakel og far deira. Her har søstrene vore i helger og feriar gjennom heile oppveksten, men no er det éi som manglar: mor. Mie for

  • Catherine Blaavinge Bjørnevog debuterer med diktsamlinga "Um sakne springe blome"

    Blaavinge Bjørnevogs debutbok er ein mørk og mytisk sørgjesong fortald i eit heilt særeige lyrisk språk
    Boka vert lansert på Ulvik Poesifestival på Hauge-senteret 9.9. 
    I Um sakne springe blome ventar ei kvinne på ein mann. Er det ho sjølv som er skuld i fråværet hans, i at ho sit åleine med barna, og at ho også mistar dei, eitt etter eitt? Kva har ho gjort for å fortene denne straffa? Kvinn

  • Ny ungdomsroman frå Ragnar Hovland

    Hovland er endeleg aktuell med ny ungdomsroman, "Om noko skulle skje". Boka er ei eventyrleg forteljing  om Reiner og ferda hans gjennom dødsriket for å finne den tapte kjærleiken
    BOKLANSERING HOS SAMLAGET: i Mariboes gate 13, 21.09. kl. 19. Opplesing og samtale. Dei nye kapellanane spelar. For informasjon og påmelding: m.aas@samlaget.no - sjå også Facebook-hending på Samlagets side.
    Kjæra

  • Unica Zürn endeleg på norsk med romanen "Mørk vår"

    Unica Zürn (1916–1970) var tysk forfattar og biletkunstnar. Ho høyrde til dei avantgardistiske kretsane i Paris og hadde nære band til mange av surrealistane, som Max Ernst, Henri Michaux og særleg Hans Bellmer, som ho både arbeidde og budde saman med. Ho er mest kjend for anagrampoesien sin og automatteikninga – og for kortromanen Mørk vår (1969) som no kjem på norsk i Runa Kvalsunds omsetjing. <

  • Slik funkar det!

    Kan du forklare korleis lyspæra kan lyse?
    Slik funkar det! gir basiskunnskap og aha-opplevingar for nysgjerrige i alle aldrar – les og forstå korleis ting heng saman!
    Kan du forklare korleis vatnet kan vere reint i alle kranene våre, korleis jordvarme fungerer, eller korleis ein oppbevarte mat før frysen fanst? Om du allereie veit det, finst det mykje anna ein kan suge til seg i denne faktab

  • Ny roman frå lesarfavoritt Anna Gavalda

    Lesarfavoritt Anna Gavalda som har begeistra lesarar gjennom fleire år, er klar med ny roman på norsk, "Livet, til det betre", omsett av Tove Bakke. 
    Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge.
    Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. T

  • Landslagskeeper Ørjan H. Nyland aktuell med "Ørjans Keeperskole"

    Ørjan Håskjold Nyland (f. 1990) er aktuell med boka «Ørjans Keeperskole» der han gir unge spelarar dei beste triksa og tipsa for å bli ein god keeper. Nyland blei cupfinalehelt då Hødd vann NM-gull på straffesparkkonkurranse mot Tromsø i 2012. Så gjekk han til Molde og vann cupfinalegull der både i 2013 og 2014. No spelar han på det norske landslaget og i Ingolstadt i Bundesligaen.
    Hovuddelen

Vis mer