Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Aina Basso klar med historisk roman basert på barndrapssak i Kristiania på starten av 1900-talet

    Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn – mot rimeleg betaling. Men når

  • Nobelprisvinnar Peter Handke er omsett til norsk av Jon Fosse

    Jon Fosse har omsett to av skodespela til Nobelprisvinnar i litteratur Peter Handke til norsk. Stendig storm og Dei vakre dagane i Aranjuez er begge gitt ut i Samlagets dramatikkserie.
    Fosse seier dette om tildelinga: - Handke har vore min favoritt i mange år, og er er svært glad for at han får prisen i år! Det er ikkje utan grunn at eg har omsett to stykke av han.
    Dei vakre dagane i Aranjue

  • "Septologien" av Jon Fosse selt til 11 land

    Første band i Jon Fosses storverk Septologien, Det andre namnet er selt til elleve land; Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, USA, Spania, Ungarn, Frankrike, Slovakia og Italia.
    16. oktober blir Septologien lansert internasjonalt på bokmessa i Frankfurt, der Fosse er eit av hovudnamna.
    Dei norske bokmeldarane tok svært godt imot første band av storverket og sa mellom anna; "

  • Ny bok av Kristina Leganger Iversen om kva morskapet betyr - historisk, økonomisk og personleg

    Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av – for kven blir ein om ein blir mor?
    Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på f

  • Marit Eikemo klar med novellesamlinga "Hardanger"

    I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen.
    Novellene i Hardanger handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg sta

  • Ny bok om Grotten - historia om eit hus og fem kunstnarar

    Den nye boka Grotten - historia om eit hus og fem kunstnarar av Ingvild Bræin handlar om eit uvanlag hus og nokre uvanlege skikkelsar i norsk historie: Korleis var kvardagslivet deira, og kva blei skapt i huset på knausen? 
    I utkanten av Slottsparken ligg Grotten. Huset har sidan 1922 vore æresbustad for fortente kunstnarar, men vart bygd lenge før det. Henrik Wergeland la i si tid elsk på plas

  • "Hjartebank"-ny biografi om Oddny Miljeteig

    Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig er ein biografi om ein markant sosialpolitikar og eit motstraumsmenneske det er vanskeleg å stille seg likegyldig til. Boka er også ei forteljing om å leite etter sitt biologiske opphav. Forfattar er den prisløna BT-journalisten Kjersti Mjør. 
    Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje

  • Spørjeboka Vestlandskviss er ute, med spørsmål frå mellom anna Linda Eide, Olav Stedje og Gunnar Staalesen

    I den nye boka Vestlandskviss. Den store spørjeboka om Vestlandet har Janne Nygård og Halvor Folgerø sett saman ei spørjebok for heile familien. 1000 spørsmål om geografi, kultur, sport og mykje meir. Kva heiter verdas lengste tunnel? Kor mange i Noreg et pinnekjøt i løpet av jula? Dette er boka for deg som kjem frå Vestlandet, bur på Vestlandet eller skulle ønskje du var vestlending. 
    Kva er y

  • Kristin Auestad Danielsen om kvardagane som rommar livets drama

    Kristin Auestad Danielsen er klar med diktsamlinga Sterke kjensler og andre dikt. I tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har ho skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dot

  • I den nye boka "Ro mitt hav" har Anne Marit Jakobsen samla sine favoritt Jon Fosse-dikt

    Anne Marit Jakobsen har valt seg det aller beste frå Jon Fosse sin lyrikk i boka Ro mitt hav. Sidan 1986 har Fosse gitt ut ei rekkje diktsamlingar, blant anna Engel med vatn i augene, Auge i vind, Songar og Stein til stein. I lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølgjer og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid er slyngde saman, og grensa mellom liv og død er gjerne v

Vis mer