Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok om drapsforsøket på William Nygaard med kritikk mot politiet, politikarane og pressa.


    30 år har gått sidan drapsforsøket på forlagssjef William Nygaard. I boka Blodspora frå Dagaliveien. Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard som kjem 10. oktober, tek gravejournalisten Odd Isungset oss med på ei reise til Iran, Libanon, Tyskland, Frankrike, USA, Italia og Storbritannia i jakta på å forstå og analysere det som har hendt sidan ayatolla Khomeini kunngjorde dødsdommen over

  • Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur

    English version below.
    Jon Fosse seier dette om tildelinga av Nobelprisen i litteratur:
    - Eg er overvelda, og svært glad og takksam. Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, m

  • Ståle Eskeland kjem med "Sinnamekker`ns bilalbum" for alle bilglade folk

    Ståle Eskeland er kjent som Sinnamekkern, og denne veka kjem han med si første bok; Sinnamekker`ns bilalbum. Bilar med sjel. Den aller første bilen Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500

  • Bibliotekets litteraturpris til Bjørn Hatterud for "Mjøsa rundt med mor"

    Bjørn Hatterud får Bibliotekets litteraturpris for Mjøsa rundt med mor (2020). Prisen er stemt fram av bibliotekstilsette og lesarar over heile landet og går til den beste boka gitt ut dei siste fem åra. Prisen vart delt ut på Kapittel-festivalen i Stavanger i kveld.
    I memoarboka reiser Bjørn Hatterud heim for å kjøre rundt Mjøsa med mor. Men kva er eigentleg heim, etter eit halvt liv i Oslo?Kø

  • Gaute M. Sortland aktuell med ny novellesamling; "Sanne historier"

    Menneska i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme

  • Aina Basso med ny bok om mellomalderens tekstmeldingar; "Eg rissa desse runene"

    I novellesamlinga "Eg rissa desse runene" pustar Aina Basso liv i menneska og mellomaldersamfunnet. Ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.
    21.9. gjestar ho Litteraturhuset i Bergen og samtalar med Gunnstein Akselberg og Marte Spurkland om runene og oss:
    https://www.litthusbergen.no/a...
    Fiskaren Ragnar dreg opp eit gar

  • Ny roman frå Brit Bildøen; "Gult farevarsel"

    Brit Biløden er aktuell med den nye romanen Gult farevarsel; eit familiedrama om vår plass i naturen.Det bryggjer opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban.Allereie da ho kjem fram, angrar Do

  • Lansering av "Noregs musikkhøgskole: Femti år med notar, unotar og fotnotar" av Alfred Fidjesøl

    3. september blir boka om Noregs musikkhøgskole lansert. Alfred Fidjestøl står bak jubileumsboka.
    Lanseringsarr på NMH 3.9. kl 1630: https://nmh.no/arrangementer/b...
    Hausten 1973 opna Noregs musikkhøgskole, i enkle og provisoriske lokale basert på det gamle Musikkonservatoriet i Oslo. I 2023 har denne høgskulen arbeidd seg fram til å bli ein av dei leiande musikkutdanningsinstitusjonane i

  • Ny bok frå Agnes Ravatn: "Alle mot alle. Essay, artiklar og gjeldsbrev"

    I Alle mot alle finn du eit rikt utval av Agnes Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar. Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag, og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten.Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda

Vis mer