Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Doblougprisen til Karin Moe

    Karin Moe som er aktuell med den nye romanen "Virkeligheten" fekk i går kveld Doblougprisen 2013 under opninga av Litteraturfestivalen på Lillehammer.

  • Arrangement om Fredrikke Marie Qvam på Litteraturhuset i Oslo 2.5.

    Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Forfattaren bak den nye biografien om Qvam, Magnhild Folkvord held føredrag på Litteraturhuset i Oslo (Kjellaren) 2.5. kl 19. Velkomen!

  • Ny roman frå Sigrid Merethe Hanssen, "Sofia"

    Sigrid Merethe Hanssen har skrive kritikarroste noveller og ei barnebok. No er ho klar med sin første roman. "Sofia" handlar om flukt på ulike plan, om galskap og om grensene mellom fiksjon og verkelegheit.

  • NYE BØKER FRÅ SAMLAGET I APRIL OG MAI

    Vårsesongens siste bøker frå Samlaget: Patti Smiths minnebok "Sanka ull", nye romanar frå Karin Moe og Sigrid Merethe Hanssen, biografi om stemmerettsforkjemparen Fredrikke Marie Qvam, jubileumsbok om BUL, ny ungdomsbok frå Sunniva Relling Berg, ny gjendikting av "Sonettane til Orfeus" og Kristin Fridtun viser kor morosamt og enkelt nynorsk kan vere i "Nynorsk for dummies."

  • SAMTIDA SETT GJENNOM OUTSIDERENS BRILLER - EIT MØTE MED MARIT EIKEMOS FORFATTARSKAP 17.4. KL 18

    I romanane "Mellom oss sagt", "Arbeid pågår" og "Samtale ventar" ser Marit Eikemo samtida gjennom outsiderens skarpe briller. Sosialkomedie eller sosialtragedie? Eller svart humor? Både kritikarar og lesarar reagerer ulikt. Nokre græt, andre ler, alle kjenner vi oss igjen. Kaja Schjerven Mollerin samtaler med forfattaren. Marit Eikemo les frå eit nytt manus. Litteraturhuset i Oslo 17.4. kl 18.

  • Marit Heier Lajord debuterer med barneboka "Olava og bestefar"

    Olava er sju år. Ho er oppkalla etter bestefar Olav, som er meir enn sytti. Han kan køyre traktor, reparere skistavar og levde under krigen. Bestefar har lært Olava mange ting. At havet er salt, at traktoren har hestekrefter, og at namnet hennar tyder etterkommar. Men når vinteren kjem, blir bestefar sjuk.   Historia om Olava og bestefar fangar samspelet mellom barn og besteforeldre på ein varm og

Vis mer