Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Frisørgründer Irene Stana gir ut bok som lærer deg å klippe håret sjølv; "Klipp deg! Trinn for trinn guide"

    Irene Stana (f. 1970) frå Voss har jobba som frisør i 35 år. Ho er gründeren bak Floke, Noregs einaste «Grøn-salong»-sertifiserte frisørkjede. Stana har utvikla den veganske hårpleieserien «Lyng» og lanserte nyleg Flokes Nettklipp, landets fyrste nettbaserte frisørteneste.
    Uansett om du berre skal klippe luggen, stusse tuppane eller vil ha heilt ny frisyre; eit fint resultat krev systematisk j

  • Ny bok om fire store forfattarar; Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam

    I den nye boka Fire store viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, og Marie Takvam ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag.Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar. Hulda Garborg er kjent f

  • Ny bok om å ro Sognefjorden av Sigri Sandberg

    I den nye boka Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim skriv Sigri Sansberg om å ro verdas lengste farbare fjord i ein gamal trebåt.
    Lansering 18. mai: https://www.facebook.com/event...
    Eventyrar og forfattar Sigri Sandberg er ei travel tobarnsmor. Ho bur tre ulike stader og er mykje på farten. Midt i koronakaoset får ho urovekkande meldingar: sjukdom og død, venner som har det vanskeleg,

  • Ingelin Westeren debuterer med romanen "Musikk for folk i trøbbel"

    Ingelin Westeren debuterer med romanen Musikk for folk i trøbbel, med handling frå innsida av eit miljø vi sjeldan høyrer frå. Hovudpersonen Ida forsøker lappe saman tilværet sitt. Ho går på NAV, forsøker å ta seg av ei mor si, og har Susanne Sundførs musikk som lydspor i livet.
    Ida har ikkje fullført vidaregåande, og til saman har ho jobba tjue dagar i det ordinære arbeidslivet. Mor hennar har

  • Emil A. Erstad lanserer ny bok om tida som mørkemann og kristenkonservativ

    Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt, enkelt spørsmål: Kvar er du på veg - mot himmelen eller helvete?Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne. Heil

  • Erlend Flornes Skaret er ute med romanen "Caninevangelium"

    Jon står i vindauget og ser Guttmann Kornelius, hans einaste venn i Steyr i Austerrike, komme for å jule han opp. Jon kan tenke seg fleire relaterte grunnar til at han no er i denne situasjonen, kanskje først og fremst ei misforståing omkring avtalen om å vatne yuccapalmen til Kornelius. Men for Jon har ikkje situasjonar noko tydeleg startpunkt eller noka enkel årsaksrekke. Han trur ikkje på tid o

  • Lansering av boka "Foxi. Sledehunden ingen ville ha" av Line Nagell Ylvisåker

    Foxi - sledehunden ingen ville ha er ei forteljing om Foxi, men også om hundekøyring, sledehundar, Iditarod og det heilt spesielle forholdet mellom hund og menneske. 
    Sommaren for tolv år sidan vart polarhunden Foxi fødd på Svalbard. Hunden var liten og svak og åt dårleg. Eigaren, den ivrige hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke henne som sledehund. Han ville kvitte se

Vis mer