Jon Fosse med ny diktsamling inspirert av Henrik Wergeland
I si nye diktsamling "Poesiar. Etter Henrik Wergeland" har Fosse skrive dikt inspirert av den tidlegare Grottebuaren.
Då Fosse i 2011 flytta inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturinteresserte nordmenn flest. Han gjekk i gang med å lese tekstar både om og av Wergeland. Fosse vart imponert over kor uhorveleg mykje Wergeland hadde skrive og feste seg særleg v