Alf Kjetil Walgemo aktuell med "Røff guide til Bibelen"
Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel.
Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin?
Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf – utgangspunktet