Ny roman frå Mette Karlsvik; "Mørkerom"
Mørkerom handlar om Mette, som gjennom fotografi og minne forsøkjer å gå inn i si eiga fortid – og vidare inn i fortida til faren. Då faren døydde så altfor tidleg av sjukdom, mista ho blikket som gjorde henne til den ho var: Det å ikkje lenger bli sett skapte store endringar. Er det mogleg å finne attende til den ho var i blikket til faren? Kanskje må ho bryte gjennom dei idealiserte bileta ho ha