Mats Eldøen og Sindre Goksøyr med sprelsk faktabok for barn
Sprelsk faktabok for barn
Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar. Gjennom absurde og morosame teikningar og fan