Barnebokdebut om skeiv kjærleik
Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig og sjarmerande barnebok om å komme ut av skapet i ung alder, i ein religiøs familie i ei lita bygd på Vestlandet.
Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig og sjarmerande barnebok om å komme ut av skapet i ung alder, i ein religiøs familie i ei lita bygd på Vestlandet.
Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og In
Boka Små hagar er ei hagevandring full av inspirasjon og tips!
Bla i boka her: https://issuu.com/detnorskesam...
Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass.Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og insekt,
Språkvitar Kristin Fridtun er snart ute med ei overraskande bok om velkjent irritasjonsmoment.
Lanseringsarrangement på Facebook 22. april: https://www.facebook.com/event...
Me kommuniserer meir gjennom skrift enn nokon gong, samstundes som evna og viljen til å fylgja rettskrivingsreglane varierer.Nokre menneske blir svært opprørte når dei støyter på skrivefeil, medan andre tek det heilt med
Stiftelsen Fritt Ords Pris 2021 går til forfattarane Bjørn Hatterud, Olaug Nilssen og Jan Grue for deira sterke og kritiske bidrag til å setje lys på samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.
Prisen er på 500 000 og vert delt på dei tre vinnarane.
Frå grunngjevinga: "Jan Grue, Bjørn Hatterud og Olaug Nilssen løfter frem sine egne historier og erfaringer som funksjo
Peter F. Strasseggers første ungdomsroman, Aleksander den store, er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2021.
Åsmund Bjørnstad skildrar i Konfirmasjon til alderdommen sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt.
Dikta i Konfirmasjon til alderdommen
Einar var eit barn som fryda seg over å oppdage verda. Han elska å gøyme seg i hyller, rulle i graset, bygge tårn og ake på madrass ned trappa. Han kunne gå kor langt som helst, om foreldra heldt han i handa. For sleppte dei taket, datt han.
Rett før Einar fylte to, fekk familien ein beskjed som øydela mange draumar: Einar hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Gradvis ville han miste alt.
Jens Kristensen er årets vinnar av Kulturdepartementets priser for barne og ungdomslitteratur frå 2020 i klassen Illustrasjonsprisen.
Barneboka Passe happy av Kari Stai er seld til det danske forlaget Straarup & Co.
Laura Djupvik og Øyvind Torseter er aktuelle med ei poetisk biletbok om sorg og håp, og om dei heilande kreftene som vi alle ber på.
Debutsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby skildrar einsemda etter eit brot, ein vinterdepresjon som veks ut av proporsjonar - for ikkje å snakke om klørne som veks ut av føtene og sprenger seg ut av joggeskoa. Ei kvinne blir forvandla frå menneske til dyr, frå dyr til jord - og frå jord til kvinne igjen.
Grensene blir uklare mellom natur og sivilisasjon, fortid og framtid og mellom det me
Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt.
Rapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn.
Ei kvinne finn ein baby forlaten i ein park, ein skog blir invadert, ei bestemor med to barneba
Tone E. Solheim debuterer med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta, ei historie om indre stormar og store sakn.
Romanen handlar om Edith, som hatar alt og alle. Ho blir kviskra om i klasserommet, og ønsker mest av alt å kunne forsvinne heilt og fullt. Det er Edith mot verda. Parallelt med Edith si historie møter vi Martha. Jenta som elskar Beatles og saknar far sin, og prøver å sjå det best
I den nye boka Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør som kjem 24.2. undersøker forfattar Anders Totland kvifor motstanden mot vindkraft har eksplodert i Noreg.
Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssak
I sin nye roman Ein lykkeleg slutt fortel Maren Uthaug med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke.
Nicolas er konsulen
I debutromanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som bind foreldre og barn saman. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin? Ramma for handlinga i boka er dei store endringane som skjedde med familar på bygda i Noreg i etterkrigstida med industrialiseringa og utdanningsrevolusjonen, ikkje minst i landbruket.
Det Norske Teatret og Samlaget inviterer til skrivekonkurranse i samband med Fossefestivalen 2021 i september. Juryen er på jakt etter historier, erfaringar og forteljingar som kan bli til bok eller framsyning på scenen.
Utgangspunktet for konkurransen er at norsk litteratur og scenekunst må spegle samtida vår. Kunsten skal vere relevant for alle, uavhengig av kulturell bakgrunn. No ønskjer vi
Samlaget har heile tre nominerte til Kritikarprisen i år. Helene Guåker som også var nominert til Brageprisen er nominert i kategorien for beste barne- og ungdomsbok med Høgspenning. Livsfare. Juryen seier: "Det er rørende å lese om Leas kamp mot psykisk sykdom og den tyngende taushetskulturen som omgir henne. Boka kjennes betydningsfull, ikke minst fordi mentale lidelser fremdeles er stigmatisert
Då Kristin Storrusten og Ingunn Hamran vart mødre mangla dei ord for den store og overveldande opplevinga. I den nye diktantologien Det største i livet. Dikt til deg som har fått barn har dei samla dikt som set ord på dei nye kjenslene og oppdagingane.
Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere