8 Hedda-nominasjonar til Det Norske Teatret
Heile 8 Heddapris-nominasjonar er ei stadfesting av at Det Norske Teatret har lagt bak seg ein sterk sesong der mange har utmerkt seg både på og bak scenen i svært ulike produksjonar.
Heile 8 Heddapris-nominasjonar er ei stadfesting av at Det Norske Teatret har lagt bak seg ein sterk sesong der mange har utmerkt seg både på og bak scenen i svært ulike produksjonar.
Hildegun Riise er kjend for å vere ein dyktig poesitolkar, med sin varme stemme og inderlege framføring. I Stjerner, songar, ansikt deler ho nokre av sine favorittdikt med publikum, til musikk ved pianist Anders Aarum.
Ein taleregistrator som improviserer og eit kritisk blikk på kva teknologi gjer med kjenslene våre, er ingredienser i dei to gjestespela som er resultat av ei internasjonal teaterteknologisatsing som no kjem til Noreg.
Det er tre år sidan andre kullet ved teaterutdanninga Det Multinorske tok til på bachelorutdanninga si. I haust var dei del av ensemblet i teaterframsyningar ved huset - no er dei klare for å vise sine eigne sluttprodukt.
Fargespill har i 13 år laga framsyningar som feirar det nye norske med utgangspunkt i Bergen. I år kjem det endeleg ein versjon som viser kva som bur i det nye Oslo. Sidan framsyninga har som formål å verke samlande, har framsyninga fått namnet "Vi".
I dag fekk seks unge skodespelarspirer med bakgrunn utanfor Europa ei glad-melding om at dei er aksepterte som studentar ved Det Norske Teatret og Nord Universitet si treårige skodespelarutdanning, Det Multinorske.
Det Norske Teatret har opplevd eit makalaust 2017! Det Norske Teatret hadde årsmøte laurdag 28. april og det var eit synleg stolt styre som presenterte eit historisk godt år for teateret. 2017 er med god margin det beste året i Det Norske Teatrets over hundreårige historie med 267 297 besøkande til framsyningar og arrangement.
Tre nye husregissørar ved Det Norske Teatret Det Norske Teatret har tilsett heile tre nye husregissørar. Johannes Holmen Dahl, Kjersti Horn og Peer Perez Øian har alle takka ja til å vere med å prege repertoaret ved teateret. Desse vil vere del av den kunstnarlege staben ut perioden til teatersjef Erik Ulfsby, som grunngir valet av dei tre med at dei er blant Noregs mest spennande regissørar.
Kva skjer når fortida kjem for å ta deg? Når dei daude står opp for å ta fatt på dei uløyste oppgåvene og historia gjentar seg igjen og igjen?
Repertoaret er ein god miks av humor, klassikarar, urpremierar og nyskrive familieunderhaldning. Peer Gynt, Macbeth og Jim Morrison er nokre av dei kjente rollene. Men også Bjarte Tjøstheim, Brille og HyPer. Regissørnamn som Frank Kjosås, Thomas Giertsen, Victoria Meirik og Bjørn Sundquist skal komme til å setje sitt preg på Det Norske Teatret i haust.
To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet på Hovudscenen. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.
Toralv Maurstad skal spele Peer Gynt i haustens storsatsing på Hovudscenen.