Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Fersk Ibsenprisvinnar som digital oppleving

    Mare av Lisa Lie blei kåra til den store kultklassikaren da framsyninga hadde urpremiere på Scene 2 i 2019. No har framsyninga nett vunne den nasjonale Ibsenprisen for beste scenetekst, og i det høvet blir framsyninga tilgjengeleg i ein digital versjon frå videoarkivet.

  • Teater om radikalisert ungdom til stova

    To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet i Utafor. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.

  • Nye avlysingar

    Det Norske Teatret avlyser alle framsyningar og arrangement til og med 15. juni.

  • Are Kalvø og Svein Tindberg i stova

    Til påske blir det fleire digitale kulturopplevingar å gle seg til, både til latter og ettertanke. Denne gongen tilbyr Det Norske Teatret publikumssuksessane Mi bragd med Are Kalvø og Abrahams barn med Svein Tindberg.

  • Digital Bikubekveld med Mimmi

    Det Norske Teatret held fram med å dele digitale kulturopplevingar med publikum. Denne fredagen blir det Bikubekveld med ein av våre talentfulle skodespelarar med fleire bein å stå på, nemleg Mimmi Tamba, som også er artist.

  • Det Norske Teatret lanserer digitalt teater

    I dagane da teatret må halde stengt, vil teateret finne nye vegar å nå ut til publikum. Først ut er premiere på digitalversjon av den prisvinnande og kritikarroste teaterframsyninga Solaris korrigert.

  • Stenger til over påske

    ​Det Norske Teatret har beslutta å stenge ned verksemda i Kristian IVs gate og på Rommen Scene fram til etter påske.

  • Avlyser framsyningar i to veker

    ​Det Norske Teatret ser seg nøydd til å avlyse alle framsyningane som er planlagde i to veker framover (til og med onsdag 25. mars).

  • Det Norske Teatret avlyser teaterframsyningar

    ​Folkehelseinstituttet og styresmaktene understrekar at situasjonen er alvorleg: Det Norske Teatret vil ikkje sette seg utover ei klar tilråding om at det ikkje skal gjennomførast arrangement med over 500 deltakarar.

  • Neikob vil bli som Alle Andre

    Jakob og Neikob og alle andre er ei sjarmerande og morosam historie for dei minste om å setje pris på at vi alle er forskjellige.

Vis mer