Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Mimmi Tamba og Ina Svenningdal skal spele dei vaksne utgåvene av Elsa og Anna. No ser Det Norske Teatret etter barn til barneutgåvene av søskenparet frå Arendelle. Foto: Monica Tormassy.

Audition til barneutgåva av Elsa og Anna frå Disneys Frost - musikalen

Da blockbustaren Frost nådde kinolerretet for 10 år sidan var det som eit snøras feide over verdas småjenter. Ei strofe frå Let it go, og ungane forvandla seg til små isdronninger med magiske krefter. No jaktar Det Norske Teatret på dei ungane som skal gi liv til eit av verdas mest kjente søskenpar i Disneys Frost - musikalen, og søker jenter i alderen 8-12 år til audition i slutten av april.
<

Vis mer

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge