Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • BOKLANSERING - "NY GRUNNLOV" AV ARE KALVØ - 28.2.

    Ingen har spurt Are Kalvø om han har lyst å lage ei ny grunnlov. Men det har han. Og no har han gjort det. Boka "Ny grunnlov" vert lansert 28.2. Ein kongekledd Kalvø og 15 andre kongar deler ut den nye grunnloven til folket på Løvebakken og i sentrum av Oslo mellom 7-9 torsdag morgon.

  • Kva skal vi med sidemål?

    Når Kunnskapsdepartementet no har varsla omfattande endringar i læreplanen i norskfaget, er sidemålet i hardt vêr. Janne Nygård og Vebjørn Sture er aktuelle med pamfletten "Kva skal vi med sidemål?" der dei gjer skikkelege svar, og argumenterer for kvifor det å kunne både nynorsk og bokmål er viktig for elevane. Boka blir lansert med debatt på Litteraturhuset i Bergen torsdag 7.2. kl 20.

  • Ny diktsamling frå Jon Fosse

    Jon Fosse er ute med diktsamlinga "Stein til Stein. 39 dikt og 1 salme".Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka.

  • Vårlista 2013 frå Det Norske Samlaget

    Are Kalvø, Jon Fosse og Patti Smith kjem alle med nye bøker på Samlaget i vår. Kalvø har ved hjelp av folket skrive ei ny grunnlov. Boka er basert på serien Riksforsamlinga som startar på NRK i februar. Fosse og Smith kjem med dikt. Samlaget har tre debutantar i vår, to som skriv for vaksne; Erica Löfström og Odd Eirik Færevåg og Marit Lajord som skriv for barn.

  • Høgthengande tysk illustrasjonspris til Øyvind Torseter

    For ellevte gongen blir den høgthengande illustrasjonsprisen frå Gemeinschaftswerk der Evangelischen Publizistik GmbH delt ut. Prisen er på 5000 Euro, og går i år til illustratør Øyvind Torseter for boka “Papas Arme sind ein Boot”, (“Eg kan ikkje sove no” Samlaget 2008). Teksten er skriven av forfattar Stein Erik Lunde.

Vis mer