Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny roman frå Hilde K. Kvalvaag, "Lev vel alle" - dramatisk mor og son-historie frå villmarka i Canada

    Hilde K. Kvalvaag vann Brageprisen for si førre roman, ungdomsboka Fengsla. No er ho klar med si andre roman for vaksne, Lev vel, alle. Der møter vi aleinemora Gunhild som tek med den voldsdømte tenåringssonen Knut på roadtur til Canada for å reparere seg sjølv og forholdet mellom dei.
    Meir om boka: Motvillig blir den seksten år gamle Knut med mora Gunhild til Canada. Dei skal følgje fotspora

  • Synnøve Macody Lund debuterer med romanen "Personar du kanskje kjenner"

    Synnøve Macody Lund debuterer med romanen Personar du kanskje kjenner 26.9.
    Lanseringsarr:
    OSLO: Ingensteds mandag 28.9. kl 19. 
    BERGEN: Litteraturhuset  onsdag 30.9. kl 19
    HAUGESUND: Litterær salong, biblioteket torsdag 1.10. kl 20

    Om boka: Synnøve skriv på ein roman om faren, men klarer ikkje å halde fram når ho må reise heim for å halde han med selskap i jula. Ho saknar

  • Transperson Kristin Fridtun aktuell med boka "Kjønn og ukjønn"

    Lanseringsarrangement på Mono i Oslo, torsdag 17.9. kl 20.
    Kristin Fridtun opnar ein ny inngang til kjønnsdebatten ved å gjere arveordet kjønn til granskingsobjekt og springbrett for vidare drøftingar av kjønn, kjønnsnormer og kjønnsidentitet. Boka gir oss verdfull kunnskap om tydings- og brukshistoria til ordet kjønn og røskar i den automatiserte og tidvis krenkjande språkbruken vår.
    K

  • Ny roman frå Grete Kleppen, "Uventa vendingar"

    Forteljaren i den nye romanen til Grete Kleppen, skal overvintre på eit fråflytta fiskevær på norskekysten, ein stad mellom Hustadvika og Ona fyr, for å skrive. Ein russar blir skylt i land og bryt inn i forfattarens sjølvpålagde isolasjon – og i forteljinga.
    Grete Kleppen er kjend som ein leikande og fantasifull forteljar. I Uventa vendingar møter du mange fargerike karakterar, som dei to

  • Syria og framtidsskulen er tema i nytt nr av Syn og Segn

    I siste nr av Syn og segn forklarer Midtausten-forskar Cecilie Hellestveit bagrunnen for krigen i Syria og kva som gjekk gale for landet i den arabiske våren. Du finn også fleire artiklar om kva slags skule vi bør bygge for framtida. Det kommunale sjølvstyret er ikkje grunnlovsfesta i Noreg og kommunane kan ikkje gå til søksmål mot staten. Dette meiner forskar Sigrid Stokstad bryt med folkeretten.

  • Ny biografi om Arne Garborg

    Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo 9.9. kl 19.
    Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur (Hanna Winsnes Kogebog).
    Denne eineståande innsatsen hadde ein mørk bakgrunn. Faren va

  • Samlaget presenterer haustlista i Bergen - måndag 31.8. på Litteraturhuset

    Samlaget ved forlagssjef Håkon Kolmannskog presenterer haustlista frå Samlaget med vekt på bøkene som kjem frå forfattarar busett i og rundt Bergen denne hausten. 
    I Olav H. Hauge 31.8. kl 19.  Med forfattarane: Jon Hjørnevik, Marit Eikemo, Erna Osland, Hilde K. Kvalvaag, Tor Arve Røssland, Kristin Fridtun, Erlend Kaasa og Solveig Tjeltveit. I tillegg fortel Pedro Carmona Alvarez og Gunhild

  • Marit Eikemo kjem med ny roman; "Alt inkludert" - eit skarpt portrett av Noreg

    I sin nye roman, Alt inkludert, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedlest av ting, på evig jakt etter meir. 
    Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor følgjer vi Agnes og dottera Maja på 6 år som flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag. Dei er utan nettverk, ve

  • Solveig M. Tjeltveit debuterer med diktsamlinga "Noo gode Gnu"

    Solveig M. Tjeltveit debuterer med ei original diktsamling der Gnu er den sentrale gjennomgangsfiguren.
    Noo er swahili for gnu. Noo er Gnu sin lyd. Stemma i boka endrar seg mellom dikta, den er rytmisk og syngande og kan ta bustad i kva og kven som helst. I denne ville skogen bur både Gnu, Gud og jente – og over himmelen fyk ein gut.
    Her eksisterer ulike mytologiar side om side, figurar

Vis mer