Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Catherine Blaavinge Bjørnevog debuterer med diktsamlinga "Um sakne springe blome"

    Blaavinge Bjørnevogs debutbok er ein mørk og mytisk sørgjesong fortald i eit heilt særeige lyrisk språk
    Boka vert lansert på Ulvik Poesifestival på Hauge-senteret 9.9. 
    I Um sakne springe blome ventar ei kvinne på ein mann. Er det ho sjølv som er skuld i fråværet hans, i at ho sit åleine med barna, og at ho også mistar dei, eitt etter eitt? Kva har ho gjort for å fortene denne straffa? Kvinn

  • Ny ungdomsroman frå Ragnar Hovland

    Hovland er endeleg aktuell med ny ungdomsroman, "Om noko skulle skje". Boka er ei eventyrleg forteljing  om Reiner og ferda hans gjennom dødsriket for å finne den tapte kjærleiken
    BOKLANSERING HOS SAMLAGET: i Mariboes gate 13, 21.09. kl. 19. Opplesing og samtale. Dei nye kapellanane spelar. For informasjon og påmelding: m.aas@samlaget.no - sjå også Facebook-hending på Samlagets side.
    Kjæra

  • Unica Zürn endeleg på norsk med romanen "Mørk vår"

    Unica Zürn (1916–1970) var tysk forfattar og biletkunstnar. Ho høyrde til dei avantgardistiske kretsane i Paris og hadde nære band til mange av surrealistane, som Max Ernst, Henri Michaux og særleg Hans Bellmer, som ho både arbeidde og budde saman med. Ho er mest kjend for anagrampoesien sin og automatteikninga – og for kortromanen Mørk vår (1969) som no kjem på norsk i Runa Kvalsunds omsetjing. <

  • Slik funkar det!

    Kan du forklare korleis lyspæra kan lyse?
    Slik funkar det! gir basiskunnskap og aha-opplevingar for nysgjerrige i alle aldrar – les og forstå korleis ting heng saman!
    Kan du forklare korleis vatnet kan vere reint i alle kranene våre, korleis jordvarme fungerer, eller korleis ein oppbevarte mat før frysen fanst? Om du allereie veit det, finst det mykje anna ein kan suge til seg i denne faktab

  • Ny roman frå lesarfavoritt Anna Gavalda

    Lesarfavoritt Anna Gavalda som har begeistra lesarar gjennom fleire år, er klar med ny roman på norsk, "Livet, til det betre", omsett av Tove Bakke. 
    Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge.
    Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. T

  • Landslagskeeper Ørjan H. Nyland aktuell med "Ørjans Keeperskole"

    Ørjan Håskjold Nyland (f. 1990) er aktuell med boka «Ørjans Keeperskole» der han gir unge spelarar dei beste triksa og tipsa for å bli ein god keeper. Nyland blei cupfinalehelt då Hødd vann NM-gull på straffesparkkonkurranse mot Tromsø i 2012. Så gjekk han til Molde og vann cupfinalegull der både i 2013 og 2014. No spelar han på det norske landslaget og i Ingolstadt i Bundesligaen.
    Hovuddelen

  • Ruth Lillegravens første barnediktbok begeistrar kritikarane

    Ruth Lillegraven får kritikarros for si første barnebok Eg er eg er eg er.
    Boka skildrar korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.
    Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
    Ruth Lillegraven har leita i eigen barndom i arbeidet med dikta: 

  • Fugletribunalet av Agnes Ravatn vert lansert i Storbritannia

    Fugletribunalet av Agnes Ravatn vert lansert i Storbritannia i september. Forlaget Orenda Books, med m.a. Gunnar Staalesen i stallen satsar stort på utgjevinga, og Ravatn skal delta på festivalar og arrangement i Storbritannia i løpet av hausten. Boka er før utgjeving valt ut i ein omfattande "Fresh Talent"-profilering gjennom den store bokhandlarkjeden WHSmith. Boka er også tildelt den ekslusive

Vis mer