Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny roman om kjærleik i tinder-appens tid

    Det er tre menn i Håkons liv. Det lange forholdet til Arve er trygt og velkjent, men dei siste åra har Arve blitt meir og meir dominerande. Stig er målretta og trygg på seg sjølv, og han inkluderer Håkon i draumane om rekkehus og eit ukomplisert A4-liv. Thomas har svarte krøller og eit smil som får Håkon til å miste pusten når dei møtest til tilfeldig sex ein ettermiddag i januar. Resten av året b

  • Stor interesse i utlandet for norsk bok om mørke

    Winje Agency melder om stor interesse for Sigri Sandbergs bok Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse som kom ut på norsk i februar i år. Boka er allereie selt til sju språk; engelsk, fransk, italiensk, nederlandsk, polsk, tsjekkisk og tysk. Utanlandske forleggjarar peikar på at Sigri skriv om mørke på en måte som treff lesaren på ein eksistensiell måte. Sandberg gjer lesaren klar over at m

  • Nynorsk litteraturpris til Brit Bildøen for "Tre vegar til havet"

    Brit Bildøen får Nynorsk litteraturpris for romanen Tre vegar til havet. Prisen er på 30 000. Tre vegar til havet kom ut til strålande meldingar hausten 2018. I boka skildrar Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine

  • Sørlandets litteraturpris til Tore Kvæven

    I dag fekk Tore Kvæven Sørlandets Litteraturpris for romanen Når landet mørknar.
    Kvæven har tidlegare fått Brageprisen for boka med handling frå Grønland i mellomalderen. Når landet mørknar vart kalla eit mesterverk av kritikarane då ho kom ut i 2018, og fekk gjennomgåande svært gode meldingar.
    Meir om boka:
    Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Ette

  • Ny biletbok om dyras beste sjekketriks

    I Dyras beste sjekketriks tek Malin Hellebø frå NRKs dyrevenn og illustratør Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make.
    Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imp

  • Rakel Solstad med roman frå internatoppvekst i Finnmark; "I for internatunge"

    I den nye romanen I for internatunge gir Rakel Solstad oss eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga.
    Solstad har skrive ein roman med vare, s

  • Morten Bjerga med ny roman; "Dødevegen"

    Morten Bjerga fekk flotte meldingar for si førre roman Lars O. Bru og havet(2017). No er han aktuell med Dødevegen, ein roman om ein mann har mista kona si og prøver å sleppe unna sorga med å vandre langs havet til Santiago de Compostela. Han går, set den eine foten framfor den andre og blir undrande fanga av vegen, av skogen han går gjennom, og av menneska han møter.
    To år seinare sit han i

  • Kva er vi villige til å gjere med ord?

    Gjennom essay og forteljingar i poetisk form spør Thalia Field kva vi er villige til å gjere med ord. Ho utforskar historieforteljing som verkemiddel og eksperimenterer med litterære sjangrar. Sentralt for Field står spørsmålet om korleis vi bygger opp forteljingar, og kva forteljingane gjer med oss som fortel dei. I Fugleelskarar, bakgard skriv ho skarpt og med eit oversyn som dekker så vel biolo

  • Mats Eldøen og Sindre Goksøyr med sprelsk faktabok for barn

    Sprelsk faktabok for barn
    Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar. Gjennom absurde og morosame teikningar og fan

  • Terje Torkildsen ute med ny ungdomsroman

    Kan det vere livsfarleg å bli forelska?
    Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis.
    Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si

  • Utanlandssuksess for norsk bok om mørket

    Sigri Sandbergs bok Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse slår stort an i utlandet. Agenturet til Sandberg, Winje Agency melder at boka er selt til Tyskland, Nederland, Polen og Italia. Fleire land og språk står for tur. 
    I boka skriv Sandberg om mørket som er like viktig som det naturlege lyset, for oss menneske, dyr og alt som lever.
    Meir om boka: Vinteren i Noreg er lang og svart

  • Ny bok; "Stress og korleis leve med det"

    I den nye boka Stress og korleis leve med det undersøker journalist og forfattar Anne Gunn Halvorsen kvifor  vi er så stressa, og kva kan vi gjere med det.
    Stressfest/lanseringsfest 3.4. kl 18 på Bortenfor, Brenneriveien 7.
    Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det (2017), har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor

Vis mer