Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Noveller om menneske som ikkje får det heilt til

    Laura Djupvik skriv i novellesamlinga No fær huset om menneske som ikkje får det heilt til.
    Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor informativ nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet u

  • Atle Hansen aktuell med ny ungdomsgrøssar

    Eg har venta på deg er siste tilskot til Grøss og gru-serien.
    Simon gler seg til å ro ut for å fiska. Men kven er det som plutseleg ropar på han? Er det den mystiske jenta han møter på kafeen? Ho folk seier han skal halda seg vekke frå? Eller er det Den svarte enka? Ho som sit på stranda og ventar på kjærasten som forsvann på havet for lenge sidan?
    Eg har venta på deg er ei lettlest og driva

  • Agnes Ravatn vinn Bokbloggarprisen for andre gong

    Forfattaren er med det den fyrste til å vinne prisen to gonger, no for romanen Dei sju dørene.
    «Ravatn skriver med intelligens og humor, hennes satiriske skråblikk som vi kjenner fra de andre bøkene hennes, er absolutt tilstede», lyder grunngjevinga frå bokbloggar Tine Sundal. Ho er ein av mange bokbloggarar landet rundt, som har nominert sine favorittbøker frå 2019.
    Bokbloggarprisen har sid

  • Brageprisnominerte Harald Nortun med ny barnebok

    Barneromanen Spådama i 7B tek for seg fordommar og førsteinntrykk i klasserommet.
    Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassevennene sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time. Rykta begynner å gå: Er den nye jenta synsk? Kan Nina verkeleg spå?
    Spådama i 7B handlar om flaks og uflaks, fordommar og førsteinntrykk, og om kor

  • Jan Olav Gatland hentar fram banebrytande rikspornograf i ny bok

    Eit underhaldande portrett av ein av våre mest radikale folkeopplysarar, som hadde seksualitet, openheit og kulturkamp på agendaen.
    I Lars Berg: Rikspornograf og kulturforkjempar tek Gatland oss med på ei reise frå Lars Bergs oppvekst på fiskebåt i Tromsø, til eit tilvære som musikkglad lærar og grunnleggjar av Hålogaland teater, og mest sentralt: som forfattar i Oslos kulturradikale miljø. Med

  • Elena Ferrantes nye roman rett inn på bestseljarlista

    Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv gjekk rett inn på andreplass på bestseljarlista denne veka. Boka hadde verdslansering i 28 land samstundes 1. september. Boka gjekk også rett inn på andreplassen på NY Times bestseljarliste denne veka. 
    Boka har fått formidable kritikkar både i Noreg og internasjonalt. Romanen er Ferrantes første etter den enorme suksessen Napoli-kvartetten s

  • Rage aktuell med roman om venskap og heimebrent

    God venskap, ei rifle og store mengder heimebrent.
    Tre vener skal preika skit og drikka sprit og spela Playstation for alltid, og det skal ingenting få øydeleggja. Men så skjer ein dum ting, nemleg at to av venene greier å skyta hovudet av den tredje og berre med eit naudskrik greier å lappa han saman att ved å ty til det dei har for handa, som er ein gammal båtradio. Dette fungerer fram til de

  • Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn

    Dypvik er historikar og kjem frå stilling som journalist i Nationen. Ho har brei redaksjonell erfaring frå mellom anna Dagbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Morgenbladet, i tillegg til eit prislønna forfattarskap som mellom anna omfattar sakprosabøkene Berlinhistorier – kald krig i den delte byen og Det var DDR – forteljingar om eit nedlagt land.
    - Syn og Segn er ein viktig arena å få nye stem

  • Juliane Rui klar med ny diktsamling

    Variasjonar over nærleik
    Juliane Rui skildrar dei skjøre kontaktpunkta mellom menneska, naturen og dei andre artane på jorda. Mennesket oppstår som ein del av ein samanheng, kopla til familien og til verda utanfor. Perspektiva endrar seg etter kvart som ein blir påverka av tid, minne og relasjonar. I poesien til Rui får vi sjå verda frå nye vinklar og nærme oss andre perspektiv og språk: det ti

  • Ny ungdomsbok om vald, stolthet og utanforskap

    ​Peter F. Strasegger ungdomsbokdebuterer med ein rå og brutal, men også varm ungdomsroman om å flytte til ein ny stad og sette seg i respekt i det nye miljøet.

  • Verdslansering av Elena Ferrantes nye roman i 28 land 1. september

    Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv kjem ut i 26 land samstundes 1. september. 
    Romanen er eit tett familiedrama om identitet, klasse og oppvekst, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn. Kristin Sørsdal er omsetjar.
    Deichmanske Bjørvika har lanseringsarr. for boka 1. september kl 19, som også vert strøyma: https://www.facebook.com/events/221017822666

  • Berit Rødstøl undersøker kollektiv sorg og nedarva skuld i ny roman

    Etter punktum er ein roman om ei bygd som ikkje gløymer.Ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Romanen handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om ret

Vis mer