Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Frå utryddingstrua til rekordbestand – ny bok om havørna

    I Havørna fortel tidlegare NRK-journalist Gunnar Myklebust historia om vår største rovfugl – og miljørørsla som redda han.
    I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, gir den fascinerande historia om havørna grunn til håp. 
    Då den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiasta

  • Ny bok om Bibelens kvinner

    Bibelens kvinner. Historiene som forma verda av Alf Kjetil Walgrmo er ei kunnskapsrik og vakkert illustrert bok om alle bibelkvinnene. Ho gir oss ei innsiktsfull og fengande innføring i korleis dei ulike kvinnene trer fram i bibelteksten, biletkunsten og i litteratur, musikk og film. Forfattaren teiknar eit kraftfullt bilete - av kvinner som har forma verda slik vi kjenner henne. 
    Visste du at

  • Lansering av band to av Jon Fosses storverk Septologien; "Eg er ein annan"

    Septologien er Jon Fosses storverk i sju delar. Første band, Det andre namnet, kom ut i 2019 og er til no seld til 17 land. Boka vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. No kjem det andre bandet, Eg er ein annan. Septologien III-V. Det tredje og siste bandet, Eit nytt namn, kjem ut hausten 2021.
    I Eg er ein annan bur kuns

  • Formidlingsekspert Åsmund H. Eikenes med siste nytt innan kreftforsking

    Ny kunnskap om kreft gir eit heilskapsbilete av det banebrytande arbeidet som gjerast innan forsking på kreftbehandling.
    Er det mogeleg å løyse «kreftgåta»? Kva seier eigentleg forskinga om påstandar som at kreft er uflaks, at ein gentest kan avsløre kreft, at alle bør få immunterapi, og at kunstig intelligens skal revolusjonere kreftbehandlinga? Dagens kunnskap om biologi opnar til dømes opp f

  • Teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl aktuell med barneroman

    Stavanger-teiknaren Neverdahl byr på norrøn mytologi i 2020-drakt i nytt teikneserieprosjekt.
    Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ei hake ved dette: Den som

  • Ny bok frå innsida av PSTs livvaktteneste

    Enkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. I den nye boka Livvakt. På innsida av PST tek NRK-journalist Simon Solheim oss med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi får følgje livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. Vi får innblikk i trusselbiletet og den vanskelege jobben med å

  • Ny roman tematiserer det nye arbeidslivet i Europa; "Ho er fri" av Ingvild Holvik.

    I den nye romanen Ho er fri  skriv Ingvild Holvik med det nye arbeidslivet i Europa som ramme. Ein kvardag som gjer at familiar vert splitta og lever usikre jobbliv på ulike kantar av kontinentet.
    Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige

  • Gunnar Grytås med ny bok om krigsforlis på norskekysten

    Forfattar Gunnar Grytås meiner den nasjonale forteljinga om dei store tapa i heimeflåten, og dei sivile redningsaksjonane, må fram i lyset.
    Dødsleia og livsnerven er ei skakande forteljing om tapet av 1300 norske sjøfolk, passasjerar og fiskarar i heimeflåten under den andre verdskrigen. Skipsleia var ein av dei farlegaste stadane for sivile nordmenn frå 1940 til 1945, men samstundes ein viktig

  • Bår Stenvik med barnebok om oppfinningar

    Med boka Ti utrulege oppfinningar set Stenvik i gang samtalar om dei sentrale oppfinningane i vår tid – og kva som kjenneteiknar god og dårleg innovasjon.
    For kva har atombomba, p-pilla og like-knappen til felles? Jo, dei forandra verda rundt seg. Det same gjorde oppfinningar som lyspæra, antibiotika, oppvaskmaskina og det skotsikre stoffet kevlar.
    Saman med den prislønte illustratøren Rune

  • Oktoberspenning frå Selma Lønning Aarø

    Bergtatt byr på forelsking, mystikk og drama.
    I den nye klassen til Leo sit ei jente med grøne augo for seg sjølv heilt bakarst. Det er noko med augo hennar som gjer at han heile tida lengtar etter henne. Kven er ho? Kvifor går ho kledd så annleis, og kvifor luktar ho myr og skog?
    Snart viser det seg at jenta også er interessert i Leo. Men før han kan få henne, må han gjere noko grufullt, no

  • Noveller om menneske som ikkje får det heilt til

    Laura Djupvik skriv i novellesamlinga No fær huset om menneske som ikkje får det heilt til.
    Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor informativ nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet u

  • Atle Hansen aktuell med ny ungdomsgrøssar

    Eg har venta på deg er siste tilskot til Grøss og gru-serien.
    Simon gler seg til å ro ut for å fiska. Men kven er det som plutseleg ropar på han? Er det den mystiske jenta han møter på kafeen? Ho folk seier han skal halda seg vekke frå? Eller er det Den svarte enka? Ho som sit på stranda og ventar på kjærasten som forsvann på havet for lenge sidan?
    Eg har venta på deg er ei lettlest og driva

Vis mer