Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok om biskop Kari Veiteberg; -Eg ville ikkje orka Gud utan Jesus

    I år blir Kari Veiteberg, den første kvinnelege biskopen i Oslo, 60 år, og det er også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Noreg.
    Vi lanserer no samtaleboka -Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus. Seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg av Sigri Sandberg.
    I boka snakkar prestedotter og agnostikar Sandberg med Veiteberg om oppvekst, om å vere kvinne og prest,

  • Ingrid Senje debuterer med Stupeteknikk; noveller om det stygge og skamfulle vi held for oss sjølve

    Eit ungt par er på reise gjennom Europa, med eit ubearbeidd traume i bagasjen. Ei mor tar med ungane sine på fjelltur og finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ei jente gjer alt for å få stupetrenaren til å sjå på henne,men utan at stefaren skal vite om det.
    Personane i Ingrid Senjes noveller står på kanten av høge stup, midt i den vanlege kvardagen. I situasjonar der avstanden mellom d

  • Ny bok om høgreekstremismen i Tyskland

    Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med boka Det mørke Tyskland: ei reise blant høgreekstremistar. Kva i alle dagar er det som skjer i Tyskland? I boka tek Dypvik oss med på ei reise inn i dei høgreekstreme miljøa i Tyskland. Ho fortel kven dei er, kva dei står for og korleis dei har klart å bli så sterke. Vi møter Pegidademonstrantar, blir med på folkemøte i fjellområdet Erzgebirge der AfD er

  • Kristin Tveiten debuterer med roman om komplisert omsorg

    Kristin Tveiten debuterer med romanen Menneske og møll, ei forteljng om røter og familieband, og om å bli fri frå si eiga fortid.
    Ein dag ringer far til Marianne og spør om ho har lyst på den gamle, rosemåla kista etter besteforeldra hennar. Dei har ikkje snakka saman på fleire tiår. Han har ikkje eingong helst på mannen hennar, og han har ikkje vist interesse for barnebarnet Astrid, som no er

  • Musikar og artist Marie Tveiten debuterer med romanen "Bonus"

    Musikar og artist Marie Tveiten debuterer med romanen Bonus; ei forteljing om å miste seg sjølv i møte med kjærleiken. 
    Om boka: Astrid drøymer om sitt eige galleri. Det treng ikkje vere så stort, berre det er kvite veggar og høgt under taket. Eit rom ho kan fylle med den kunsten ho liker aller best, kanskje også med eigne verk ein vakker dag.
    Samtidig blir ho hovudstups forelska i Anders.

  • Barnebokdebut om skeiv kjærleik

    Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig og sjarmerande barnebok om å komme ut av skapet i ung alder, i ein religiøs familie i ei lita bygd på Vestlandet.

  • Ny novelleantologi "Og alle ting vert nye"

    Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.

    Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin o

  • Ny hagebok; "Små hagar" av Lisbeth Dreyer

    Boka Små hagar er ei hagevandring full av inspirasjon og tips!
    Bla i boka her: https://issuu.com/detnorskesam...
    Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass.
    Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og ins

  • Språkvitar Kristin Fridtun klar med boka "Kunsten å irritera seg over skrivefeil"

    Språkvitar Kristin Fridtun er snart ute med ei overraskande bok om velkjent irritasjonsmoment.
    Lanseringsarrangement på Facebook 22. april: https://www.facebook.com/event...
    Me kommuniserer meir gjennom skrift enn nokon gong, samstundes som evna og viljen til å fylgja rettskrivingsreglane varierer.
    Nokre menneske blir svært opprørte når dei støyter på skrivefeil, medan andre tek det heilt

  • Fritt ords pris til Olaug Nilssen, Bjørn Hatterud og Jan Grue

    Stiftelsen Fritt Ords Pris 2021 går til forfattarane  Bjørn Hatterud, Olaug Nilssen og Jan Grue for deira sterke og kritiske bidrag til å setje lys på samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.
    Prisen er på 500 000 og vert delt på dei tre vinnarane. 
    Frå grunngjevinga: "Jan Grue, Bjørn Hatterud og Olaug Nilssen løfter frem sine egne historier og erfaringer som funksjo

Vis mer