Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny dystopisk spenningsserie for unge frå Tor Arve Røssland

    Tor Arve Røssland startar det nye året med første bok i Overleve, ein ny dystopisk spenningsserie for barn og unge, om ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Bok to kjem hausten 2022, og band tre kjem i 2023.

  • Herborg Kråkeviks bestseljande Juleroser garanterer julestemning


    Julehefta Juleroser og Barnas Juleroser 2021 har bidrag frå Agnes Ravatn, Ingrid Bjønov, Edvard Hoem, Gulraiz Sharif, Åge Aleksandersen, Karoline Krüger, Malin Falck med fleire. Herborg Kråkevik er redaktør for begge julehefta.
    Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. I 2018 vart

  • Arild Rein ute med ny roman; "Domestiserte dyr"

    Dei tre monologane i Arild Reins nye roman Domestiserte dyr krinsar om skilsmisse, arv og død, og måtane slike hendingar på ein paradoksal måte blir markerte på. Ei eldre kvinne talar til ei yngre i kvar del. I «Skilsmissefesten» er det Ekhindra, alle monstrer si mor, halvt slange og halvt menneske, som fører ordet. I «Arvefesten» er det Athene, krigsgudinna, gudinna for rettferdige krigar, som fø

  • Ny forfattarskule inn på statsbudsjettet

    Det norske Samlaget og Minotenk har oppretta Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring. I sitt forslag til statsbudsjett, set regjeringa av 1,2 millionar kroner til den nye skulen.
    - Det er gledeleg at regjeringa ser verdien av å gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Edmund Austigard, administrerande direktør i Samlaget.
    Løyvinga

  • Årets vakraste juleforteljing

    Musikar Line Dybedal debuterer som barnebokforfattar med årets vakraste juleforteljing, Eit hjarte til jul, illustrert av Line Renslebråten.

  • Ny bok; "Vestlandsvegar. Historier om farlege og spektakulære vegstrekk" av Halvor Folgerø

    Journalist og forfattar Halvor Folgerø kjem med boka Vestlandsvegar 14.10. 
    Lansering på Norli Strandgaten 14.10. kl 20.00: https://bit.ly/3lrYoA8
    Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnella

  • Biografien om Liv Signe Navarsete kjem hausten 2022

    Journalist og kommentator i Bergens tidende, Jens Kihl, skriv biografien om den markante Sp-politikaren. Boka er planlagt å komme på Det Norske Samlaget hausten 2022.
    -Dei aller fleste har ei meining om Liv Signe Navarsete. Ho gjorde ting på sin eigen måte og har aldri vore redd for å provosere. Eg håpar denne boka kan kaste nytt ljos over ein av dei mest særmerkte politikarane frå Vestlandet o

Vis mer