Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok frå Oddgeir Bruaset; korleis gjekk det med alle frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at noko kunne bu"?

    Eitt spørsmål får Oddgeir Bruaset igjen og igjen. Korleis gjekk det med menneska i NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu? Dette får vi svar på i den nye boka Gjensyn. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Denne boka byr på eit gjensyn. Korleis har det gått med desse og alle dei andre i serien? Bur dei framleis på staden, eller har dei flytta? Om mange av stadene er lik seg sjølv, ha

  • Alfred Fidjestøls biografi om Georg Johannesen nominert til Brageprisen i sakprosa

    Alfred Fidjestøls bok Innerst i hjertet har jeg min forstand: biografien om Georg Johannesen, kom ut i september til stålande kritikkar og er no nominert til Brageprisen i klassen sakprosa.
    Frå juruens grunngjeving: "Mange års arbeid med biografien om Georg Johannesen ber no frukter. Med sine omfattande kunnskapar og suverene evne til å skrive godt og underhaldande, har Alfred Fidjestøl greidd

  • Elena Ferrantes siste roman; "Dei vaksnes løgnaktige liv" blir Netflix-serie

    Elena Ferrantes siste roman Dei vaksnes løgnaktige liv blir TV-serie på Netflix og har premiere 4. januar 2023. Elena Ferrante har skrive manuset i samarbeid med Laura Paolucci, Francesco Piccolo og Edoardo De Angelis. Det er det italienske produksjonsselskapet Fandango som står bak serien, som dei og gjorde med HBO-serien basert på Ferrantes Napoli-kvartetten (My brilliant friend). Serien er re

  • Janove har laga årets Juleroser-song

    Saman med Trond Bersu og Kristoffer Bonsaksen i Highasakite har Janove laga årets Juleroser-låt. Carnaby Jul kjem ut fredag 21. oktober.
    4.11 kjem årets Juleroser ut. Herborg Kråkevik er redaktør for det kritikarroste juleheftet, og kvart år får ein artist det ærefulle oppdraget med å bidra med ein nyskriven julesong til heftet.
    - Teksten til Carnaby Jul er inspirert frå samtaler rundt mi f

  • Diktsamling for barn av Marit O. Kaldhol

    På ei trapp i universet er ei ny samling dikt for barn frå Marit O. Kaldhol. Dikta byr på undring og refleksjon om kor vi kjem frå, frå universets byrjing, til deg og meg.

  • Filmrettane for "Til jord skal du bli" av Anders Totland er selde til Paradox film

    Romanen som nylig kom ut handlar om den pensjonerte presten Jacob Juul som i løpet av få dagar blir enkemann, bestefar og mordar. Produsent Finn Gjerdrum i Paradox er svært nøgd med rettigheitskjøpet:
    -Då eg begynte å lese Til jord skal du bli vart eg umiddelbart gripen av det drivande tempoet, karakteren, humoren og ikkje minst av universet. Her er det ein film, tenkte eg, og den vil eg gjer

  • Eli Strand er aktuell med boka "Eg er her enno. Livet med kreft"

    I boka som kjem 20.10 skriv Strand ærleg og rått om korleis det er å leve med ein alvorleg kreftdiagnose. Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo 20.10.: https://fb.me/e/23ck3ax4ZDen 6. desember 2019 er ein mild førjulsdag i Oslo. Eli Strand har vore hoven i ein fot, og skal på ein rask sjekk hos legen. Ho fryktar ingenting. I løpet av dagen får ho vite at ho har fått tilbakefall av kreft

  • Biografien "Berge Furre. Eit liv i rørsle" av Arnhild Skre kjem 21.10.

    I biografien om Berge Furre og hans tid trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske. Biografien er skriven av forfattar og journalist Arnhild Skre og kjem ut 21.10.
    Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo tysdag 25.10. Skre i samtale med Hans Olav Lahlum: https://www.facebook.com/event...

  • Jon Fosse på kortlista til National Book Award

    Jon Fosse er ein av fem på kortlista til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award i kategorien omsett skjønnlitteratur. Fosse er nominert for tredje band av Septologien VI-VII; Det nye namnet.
    Romanen vart lansert i USA i fjor haust til svært gode meldingar.
    Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen A New Name, og Damion Searls står bak omsettinga.
    Les meir om nominasjonen he

  • Vidareføring av Forfattarskulen for skrivande med minoritetsbakgrunn

    Samlaget er glade for at regjeringa ser behovet for å oppretthalde støtta til nynorsk litteratur på omlag same nivå som for 2022. 
    Dette budsjettforslaget betyr at Samlaget og Minotenk kan vidareføre Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring på omlag same lest som i år. Vidare at den omfattande og ressurskrevjande satsinga på litteratur for barn og unge kan halde fram. Budsjettforsla

Vis mer