Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • NYE BØKER FRÅ SAMLAGET I APRIL OG MAI

    Vårsesongens siste bøker frå Samlaget: Patti Smiths minnebok "Sanka ull", nye romanar frå Karin Moe og Sigrid Merethe Hanssen, biografi om stemmerettsforkjemparen Fredrikke Marie Qvam, jubileumsbok om BUL, ny ungdomsbok frå Sunniva Relling Berg, ny gjendikting av "Sonettane til Orfeus" og Kristin Fridtun viser kor morosamt og enkelt nynorsk kan vere i "Nynorsk for dummies."

  • SAMTIDA SETT GJENNOM OUTSIDERENS BRILLER - EIT MØTE MED MARIT EIKEMOS FORFATTARSKAP 17.4. KL 18

    I romanane "Mellom oss sagt", "Arbeid pågår" og "Samtale ventar" ser Marit Eikemo samtida gjennom outsiderens skarpe briller. Sosialkomedie eller sosialtragedie? Eller svart humor? Både kritikarar og lesarar reagerer ulikt. Nokre græt, andre ler, alle kjenner vi oss igjen. Kaja Schjerven Mollerin samtaler med forfattaren. Marit Eikemo les frå eit nytt manus. Litteraturhuset i Oslo 17.4. kl 18.

  • Marit Heier Lajord debuterer med barneboka "Olava og bestefar"

    Olava er sju år. Ho er oppkalla etter bestefar Olav, som er meir enn sytti. Han kan køyre traktor, reparere skistavar og levde under krigen. Bestefar har lært Olava mange ting. At havet er salt, at traktoren har hestekrefter, og at namnet hennar tyder etterkommar. Men når vinteren kjem, blir bestefar sjuk.   Historia om Olava og bestefar fangar samspelet mellom barn og besteforeldre på ein varm og

  • BOKLANSERING - "NY GRUNNLOV" AV ARE KALVØ - 28.2.

    Ingen har spurt Are Kalvø om han har lyst å lage ei ny grunnlov. Men det har han. Og no har han gjort det. Boka "Ny grunnlov" vert lansert 28.2. Ein kongekledd Kalvø og 15 andre kongar deler ut den nye grunnloven til folket på Løvebakken og i sentrum av Oslo mellom 7-9 torsdag morgon.

  • Kva skal vi med sidemål?

    Når Kunnskapsdepartementet no har varsla omfattande endringar i læreplanen i norskfaget, er sidemålet i hardt vêr. Janne Nygård og Vebjørn Sture er aktuelle med pamfletten "Kva skal vi med sidemål?" der dei gjer skikkelege svar, og argumenterer for kvifor det å kunne både nynorsk og bokmål er viktig for elevane. Boka blir lansert med debatt på Litteraturhuset i Bergen torsdag 7.2. kl 20.

Vis mer