Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny diktsamling frå Jon Fosse

    Jon Fosse er ute med diktsamlinga "Stein til Stein. 39 dikt og 1 salme".Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka.

  • Vårlista 2013 frå Det Norske Samlaget

    Are Kalvø, Jon Fosse og Patti Smith kjem alle med nye bøker på Samlaget i vår. Kalvø har ved hjelp av folket skrive ei ny grunnlov. Boka er basert på serien Riksforsamlinga som startar på NRK i februar. Fosse og Smith kjem med dikt. Samlaget har tre debutantar i vår, to som skriv for vaksne; Erica Löfström og Odd Eirik Færevåg og Marit Lajord som skriv for barn.

  • Høgthengande tysk illustrasjonspris til Øyvind Torseter

    For ellevte gongen blir den høgthengande illustrasjonsprisen frå Gemeinschaftswerk der Evangelischen Publizistik GmbH delt ut. Prisen er på 5000 Euro, og går i år til illustratør Øyvind Torseter for boka “Papas Arme sind ein Boot”, (“Eg kan ikkje sove no” Samlaget 2008). Teksten er skriven av forfattar Stein Erik Lunde.

  • Unni og Gunni: Tre nye bok-appar for dei minste

    Unni og Gunni er no ute som bok-appar for iPhone og iPad: Unni og Gunni reiser, Unni og Gunni malar og Unni og Gunni gjer det fint. Appane er basert på den nye peikebokserien av Anna R. Folkestad. For barn frå to år.

  • Blix-prisen 2012 til Anne Osvaldsdatter Bjørkli

    Blix-prisen for år 2012 blir tildelt Anne Osvaldsdatter Bjørkli. Prisen vert delt ut i Tromsø Kulturhus laurdag 24. november under Nordnorske bokdager. Prisen er på 15 000 nkr.

  • To norske biletbøker selt til India

    Kari Stais biletbok "Jakob og Neikob" av Kari Stai og Elin Grimstads debutbok "Månen som ville lyse som ei sol" er selt for utgjeving i India.

  • PER INGE TORKELSEN MED NY BOK: "HUMOR E HEILE VITSEN"

    Etter meir enn 20 bøker og eit langt liv i humoren og samfunnsdebattens teneste vil Per Inge Torkelsen heller rose enn erte på seg folk. Krydra med anekdotar frå mange års kurs og foredrag for organisasjonar og næringsliv, byr han på ei positiv handbok i kunsten å gi ros. Lanseringsdato 15.11.

Vis mer