Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok i serien om Drakeguten; "Kampen om Kervad"

    Asbjørn Rydland er tilbake med ei ny bok i serien om Drakeguten. Det har gått to år sidan tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forstod kva for gåver Koll hadde fått frå Nordavinden. Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men er det nok? "Kampen om Kervad" er ei fantasybok for ungdom.

  • Ny roman frå Anna Gavalda; "Billie"

    "Billie" er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine.

  • Ny Jakob og Neikob-bok frå Kari Stai

    Radarparet Jakob og Neikob er tilbake, i Jakob og Neikob og det tomme rommet. Denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner.

  • Samlagets haustliste 2014 presentert i dag

    Forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog la i dag fram forlagets 147. haustliste. Anna Gavalda, Jon Fosse, Agnes Ravatn, Brit Bildøen, Aina Basso, Kari Stai, Gunnar Myklebust, og Bård Vegar Solhjell er blant haustens forfattarar på forlaget.

  • Brit Bildøen kjem med ny roman 19.8.; "Sju dagar i august"

    Brit Bildøen er klar med ny roman, Sju dagar i august 19.8.
    Lansering av boka på Ingensteds, Brenneriveien 9 i Oslo tysdag 19.8. kl 19.00 (med Ruth Lillegraven, og musikk ved Sandra Kolstad og Bjørn Tomren)
    I eit framtids-Oslo prega av regn og flom, strevar eit ektepar med sorga etter dottera som døydde på Utøya. I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kva

  • Forfattar Jan Roar Leikvoll er død

    Det var med stor sorg vi i Samlaget fekk melding om at Jan Roar Leikvoll har gått bort. Det skjedde brått og uventa. Dødsårsaka er ikkje kjend enno, men Leikvoll var open om at han levde store delar av livet med ein hjernesvulst som aldri vart borte. Leikvoll var frå Frekhaug i Nordhordland og gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte på Det Norske Samlaget i 2008 med den kritikarro

  • Samlaget lanserer haustlista 14.8. kl 11 på Litteraturhuset

    Forlagssjef Håkon Kolmannskog presenterer lista på Litteraturhuset, Amalie Skram, 14.8. kl 11.
    Fest for forfattarar, omsetjarar, illustratørar, pressefolk og bokhandlarar på Ingesteds ved Blå kl 17 same dag. Påmelding til m.hvamstad@samlaget.no innan torsdag 7.8. (meld frå om du kjem på festen, eller på pressekonferanen eller begge deler)

  • Erna Osland med ny faktabok for barn; "Under ein stein. Ei bok om små dyr"

    I boka Under ein stein. Ei bok om små dyr skriv Erna Osland om dei små dyra som liker seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei: billene, edderkoppane og makkane.
    Erna Osland har skrive ei faktabok for barn om virvellause småkryp som mellom anna spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll, tusenbein, skolopend

Vis mer