Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Færevåg klar med 29 forteljingar frå Røvær

    Den vesle jenta og havet handlar om å finne trøyst i litteraturen.
    Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde.
    Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han

  • Øystein Orten tar oss med tilbake til natt til 9. april 1940

    I Krigshistorier blir vi med tilbake til natt til 9. april 1940. Ved befalsskulen førebur elevane seg til eksamen i feltarbeid. Så går alarmen. Seinare blir to systrer sende ut i natta for å levere ein tung beskjed. Elleve ungdomar stel ein fiskebåt og set kursen vestover. Tilbake sit ein ung mann i arresten og ventar på å bli skoten. Snart ber ein hybelvert den unge gymnasiasten Abraham om å reis

  • Odd Goksøyr tilbake med bok om menneska og ritane

    Odd Goksøyr er aktuell med boka Aljamarkir, som handlar om menneska og ritane. 
    Ein mann skal skrive minneord over faren, og kjem på at dei aldri kjente kvarandre. Ein annan mann driv og dett frå kvarandre. Ei kvinne reiser til Shetland for å søke sitt opphav. Eit ekorn spring med spitord mellom Vengjekongen og Rotgnagaren.
    Goksøyr lar dei store perspektiva møte dei små menneska og skriv båd

  • Jon Fosse med nynorsk omsetjing av "Den vesle prinsen"

    Barnebokklassikaren Den vesle prinsen av Antoine de Saint-Exupéry kjem for første gong ut på nynorsk. Boka er omsett av Jon Fosse, med originalteikningane til Antoine de Saint-Exupéry.
    de Saint-Exupérys berømte barnebokklassikar, Le Petit Prince, er ei av verdas mest omsette og lesne bøker. Det finst i dag rundt 300 omsetjingar av boka, som skal vere seld i over 200 millionar eksemplar. Sjølv o

  • Ruth Lillegraven og Jens Kristensen aktuelle med miljøkrimserie for barn

    12. august lanserer Samlaget dei to første bøkene i "Klodeklubben" – ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6–9 år. Serien er skriven av Ruth Lillegraven, illustrert av Jens Kristensen og inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.
    Vanja, Sivert og Mo bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje, og det

  • Bildebok om ein konkurranse som kjem ut av kontroll

    11. august lanserer Samlaget "Bålet" av Trude Tjensvold. Tjensvold har skrive og illustrert ei rik forteljing om ein konkurranse som kjem ut av kontroll. 
    Beveren Bella trivst godt i skogen der ho bur, men ho er skeptisk til dyra som kjem på sommarbeite. Spesielt irriterer ho seg over grisen Sylte. Han veit alltid best! Dessutan synest han at dei ville dyra i skogen er gammaldagse og treige.

  • Bok om bygging av utedo selt til utgiving på engelsk

    Siri Helles bok Med berre nevane. Eit forsvar for praktisk arbeid er selt for utgiving på engelsk til anerkjende Granta Books i ein auksjon blant fleire forlag. Boka er ei historie om å bygge ein utedo på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede. Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein prot

  • Mediemålpris til journalistar i VGTV

    Alf Helleviks mediemålpris går i år til journalistane Stig Øystein Schmidt og Espen Moe Breivik i VGTV. Prisen vart delt ut på VGTV sin sommarfest i Oslo sentrum 18. juni 2020.
    Prisen skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrka eit normalisert nynorsk talemål. Men også den dialektfarga nynorsken, som kjenneteiknar begge av årets prisvinnarar sitt språk,

  • Fridthiov Oos’ legat til unge skrivetalent

    Dei tre beste nynorskeksamenane er kåra
    Fridthiov Oos’ legat går kvart år til dei tre beste hovudmålseksamenane på nynorsk i den vidaregåande skulen. I år er vinnarane Jenny Heggheim Myklebust (Hafstad vgs. i Sunnfjord), Herdis Auestad Nergaard (Sandnes vgs.) og Anna Standal Tangen (Volda vgs.).
    - Juryen har hatt tekstar frå 42 kandidatar til vurdering. Det har vore ei glede å lesa desse te

  • Pest-klassikaren "Dekameronen" i nytt utval

    Giovanni Boccaccios verdskjende klassikar Dekameronen kjem no i nytt utval. 
    Litteraturhuset i Oslo sender eit foredrag med Jon Rognlien om verket 9.6.: https://www.facebook.com/events/2630963420504739/
    Youtube-lenkje til arr: https://bit.ly/2MK9C0I
    Året er 1348. Ti ungdomar flyktar frå svartedauden som herjar i Firenze, og isolerer seg i ein villa på landet. Alle er friske, og i ti dagar

Vis mer