Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Alice Oswald for første gong i norsk gjendiktning

    Alice Oswald blir rekna som ein av dei aller viktigaste nolevande poetane i Storbritannia. Nylig vart ho utnemnd til Oxford Professor of Poetry. No vert Oswald for første gong gitt ut på norsk i Paal Helge Haugens gjendiktning. Ingen (Nobody, 2019) er den åttande diktsamlinga hennar.
    Ingen er ei havbok, der tid og lagnader og menneskeliv speglar seg i denne alltid omskiftelege materien som vi k

  • Lyrikkdebut om klima, tid og formødre

    I debutboka Flør av Krista Lien Indrehus reiser eit barnebarn til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt.

  • Ny roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val

    Lyden av to hender er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.
    Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle p

  • Åshild Moldskred med ny barnebok om korleis å bli tøff på to veker

    Med Berre hopp! har Åshild Moldskred skrive ei barnebok om mobbing, utanforskap og det å leve med eit handikap.
    Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis.
    Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebr

  • Tor Jonssons "Dikt i samling" med med tidlegare upubliserte dikt

    14. januar er det 70 år sidan Tor Jonsson tok livet sitt. No kjem Nærast er du når du er borte. Dikt i samling som er den mest komplette diktantologien frå ein av våre mest folkekjære og markante lyrikarar. 
    Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjæ

  • Kari Stai med ny illustrert barneroman

    Jakob og Neikob-forfattar Kari Stai er aktuell med ein illustrert barneroman om dei store tankane og funderingane mange unge balar med i overgangen mellom barn og ungdom. 
    Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste.
    For Sofi er så fin at Juri mistar pus

  • Olaug Nilssen nominert til P2-lyttaranes litteraturpris for "Yt etter evne, få etter behov"

    Olaug Nilssens roman Yt etter evne, få etter behov er nominert til P2-lytteranes romanpris. Frå før er boka nominert til Brageprisen,  Bokhandlarprisen og Ungdommens Kritikapris. Boka kom ut i oktober til strålande kritikk.
    Nilssen hadde også ein formidabel suksess med sin førre roman Tung tids tale (2017) som vann Brageprisen og no har eit samla opplag på over 40 000. Nilssen traff lesarane me

  • Nynorsk på topp: Alfred Fidjestøl og Harald Nortun nominerte til Bokslukerprisen

    Aldri før har ei nynorskbok blitt superfinalist i Bokslukerprisen. I år er heile to av fem finalebøker utgitt av Samlaget. 
    Alfred Fidjestøl er nominert for sakprosaboka Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius, som òg var hans barnebokdebut, medan Harald Nortun går til finalen med si femte bok for barn og ungdom, Brageprisnominerte Blå flaggermus.
    I haust har omlag 120.000 barn på mellom

  • ​Utanlandssal for Bragenominerte Helene Guåker

    Ungdomsromanen Høgspenning livsfare er seld til Danmark, og trykkast samstundes i nytt opplag i Noreg.
    – Høgspenning livsfare har vore krevjande å skrive, og derfor er det så utruleg godt når ho blir sett og anerkjend. Eg er glad og stolt og håpar at danskane vil like boka mi, seier Guåker.
    Det er forlaget Straarup & Co som vil gi ut ungdomsromanen i Danmark.
    – Tematikken psykisk hels

  • Olaug Nilssen får sin tredje prisnominasjon for "Yt etter evne, få etter behov"

    Olaug Nilssens nye roman Yt etter evne, få etter behov er nominert til Ungdommens Kritikarpris. Frå før er boka nominert til både Brageprisen og Bokhandlarprisen. 
    Frå grunngjevinga til Ungdommens Kritikarpris: 
    "Romanen skildrer forbudte følelser og tanker; en mor som avskyr tanken på å måtte tilbringe tid med sin autistiske tenåringssønn, besteforeldre som lyver for å slippe å passe barneb

  • Barnas Juleroser 2020 med bidrag frå m.a. Maja Lunde, Kåre Conradi, Svein Nyhus og Herborg Kråkevik

    Årets julehefte er spekka med illustrasjonar, papirklipp og førjulsoppgåver for heile familien.
    Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. Mens Juleroser kjem ut for sjette gong i år, kjem Barnas Juleroser ut for tredje gong.
    Nokre av våre mest kjende og kjære forfattarar har skrive nye juleforteljingar, fargelagt av eit knipp

Vis mer