Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Olga Ravn nominert til National Book Award for "Dei tilsette"

    Olga Ravn er ein av ti nominerte til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award. Ho er nominert i kategorien omsett skjønnlitteratur for romanen Dei tilsette.
    Dei tilsette vart lansert i USA hausten 2020 til svært gode meldingar. Boka vart også kortlista til Bookerprisen. 
    Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen The Employees, og Martin Aitken står bak omsettinga.
    Les meir om

  • Jon Fosse nominert til National Book Award

    Jon Fosse er ein av ti nominerte til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award. Han er nominert i kategorien omsett skjønnlitteratur for tredje band av Septologien VI-VII; Det nye namnet.
    Romanen vart lansert i USA i fjor haust til svært gode meldingar. 
    Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen A New Name, og Damion Searls står bak omsettinga. 
    Les meir om nominasjonen her
    L

  • Litterær stjerne Warsan Shire til Noreg

    Warsan Shire er i desse dagar aktuell med lyrikksamlinga Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet, og besøker både Litteraturhuset i Oslo og Kapittelfestivalen i Stavanger neste veke.
    Shire er ein kritikarrost og prisvinnande britisk poet. Ho er Beyoncés favoritt-poet, og ho figurerer på albumet «Lemonade» og i filmen «Black Is King». I 2014 var ho første poet som fekk tittelen Young Po

  • Lansering av "Innerst i hjertet har jeg min forstand. Biografien om Georg Johannesen" av Alfred Fidjestøl

    Biografien om Georg Johannesen fortel historia om ein samansett mann på tvers av si samtid. Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar Alfred Fidjestøl eit uvanleg og fascinerande livsløp.
    Arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo 14.9.: https://www.facebook.com/event...
    Arrangement på Litteraturhuset i Bergen 15.9.: https://www.facebook.com/event...
    Lyrikar Georg Johannesen kunne vere e

  • Siri Helle er aktuell med boka "Trollefossvegen 23. Tilbake til heimbygda"

    Ei bygd, eit hus, ein mann og ein draum. Kva for nye sjansar kan opna seg om ein lukkar alle dører, bortsett frå ei?Siri Helle hadde lenge drøymt om eigne poteter og grønsaker, tuntre og dyr, men kjøpekontrakt, bustadlån og same utsikt kvar dag skremde henne. Som vaksen har ho flytta over tretti gonger. Ein dag tek Siri Helle det store steget og flyttar heim til Holmedal i Sunnfjord. Saman med sam

  • Samlagets haustliste 2022

    På haustlista til Samlaget finn du mellom anna bøker av Agnes Ravatn, Oddgeir Bruaset, Anders Totland, Warshan Shire og Terrance Hayes. Halvor Folgerø følgjer opp fjorårets store suksess Vestlandsvegar med Fleire vestlandsvegar.  Det kjem også biografiar om Erling Braut Haaland, Berge Furre, Liv Signe Navarsete og Georg Johannesen. Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske har gått saman om  Barnebibelen

  • Martin Baldysz er aktuell med "Vardane", ein roman om ei gåtefull leiting i rå natur

    Martin Baldysz er aktuell med romanen Vardane. 
    Eit brutalt drap har råka fjellheimen, og ei ung seterjente er ettersøkt. Lenge etter at leitinga er avslutta, byrjar rykta å svirre:Jenta er sett der oppe, i fjella. Sel og eldhus har vorte brotne opp, ting manglar. Det seiest at ho vil snakke med presten.Sebastian Ribe, presten i bygda, legg i veg. Med seg får han den fjellvane sauebonden Reidar

  • Ny og unik barnebibel for vår tid signert Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske

    To av landets fremste formidlarar har laga ein unik, moderne og sprek barnebibel for heile familien. Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene i tilgjengeleg og moderne språk, og Anna Fiske sine illustrasjonar gir dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert.

  • Tore Kvæven har fått Stig Sæterbakkens minnepris

    Den kritikarroste og prisvinnande forfattaren Tore Kvæven som står bak dei to romanene Når landet mørknar og Hard er mitt lands lov har fått Stig Sæterbakkens minnepris. 
    Juryen bak prisen Carina Elisabeth Beddari, Thomas Lundbo og Ingrid Svennevig Hagen skriv følgande i innstillinga til prisen:

    "At Kvæven er en forfatter med sans for det storslåtte, merker man tydelig i hans naturskildr

  • Oddvar Vignes aktuell med bok om sitt eige sjølvmordsforsøk

    I boka Sjølvmordsforsøket. Livet før og etter fortel Oddvar Vignes ufiltrert om si eiga livskrise.
    Lansering 18. august.
    Sommaren 2009 trudde 29 år gamle Oddvar Vignes at han hadde funne løysinga på alle problema han sleit med. Han bestemte seg for å ta sitt eige liv. Etter den avgjerda kjende han ein stor lette. Oddvar hadde rota økonomisk, han hadde ikkje fullført noka utdanning, kjende se

Vis mer