Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Ny roman frå Arild Rein, "Felttestamente"

    Arild Rein, kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil, tok med sin førre roman, St. Olav-komplekset, steget ut i skrekksjangeren. Han held seg i det same sporet i Felttestamente, når han lar religiøse apokalypseførestillingar vere ein del av bakgrunnen for handlinga i romanen.
    Ein anestesisjukepleiar har teke livet av ei rekkje pasientar på ein sjukeheim for å lindre smerta deira. Han m

  • Kva skal til for å kjenne seg heime?

    I den biografiske diktsamlinga Heime mellom istidene undersøkjer Guri Sørumgård Botheim kva det vil seia å kjenne seg heime. Ho tek oss med heim til Lesja i Nord-Gudbrandsdalen og til Trondheim der ho bur og arbeider.
    – Mange som kjem frå bygda lever slik som meg. Vi pendlar mellom heimplassen og ein jobb i byen. Vi lever to halve liv, i ein mellomposisjon. Eg har ofte heimlengsel. Diktsamling

  • Brennaktuelt om flyktningkrisa

    Krigen i Syria har ført til det som blir omtalt som den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Millionar av menneske er på flukt, og for mange av dei finst det ikkje nokon snarleg ende på flukta.
    Boka Farvel, Syria av Emil André Erstad gir oss viktig lærdom om dei menneska vi skal beskytte, og gjer det lettare å forstå ei av dei mest brennande sakane i vår tid.
    I boka diskuterer Ers

  • Unni Eikeseth aktuell med "Norske forskingsbragder"

    Kjemikaren Unni Eikeseth, kjent som blant anna programleiar frå Newton, gir oss her dei mest spennande og sentrale oppdagingane frå dei siste 150 åra med norsk naturvitskapleg og medisinsk forsking.
    Vi kjenner forskarparet May-Britt og Edvard Moser og oppdaginga deira av celler som utgjer hjernens stadsans. Men kven andre? Eikeseth tek oss med tilbake til 1870-talet, til Gerhard Armauer Hansen

  • Bomulv - ny biletbok av Njord Svendsen og Akin Duzakin

    Bomulv er ei biletbok om uventa vennskap og om kva det eigentleg vil seie å vere modig.
    Bomulv er ein ulv som ikkje kan ule. Han er ikkje like sterk som dei andre, og han ser ikkje ut som dei andre. Og no er han lei av å late som han er lik dei andre ulvane. Bomulv må vekk, og bestemmer seg for å forlate flokken og finne ut kva som er på den andre sida av skogen.
    Med melankoli og humor skild

  • Samlaget gir ut "Nynorsk litteraturhistorie" i 2018

    I samband med Det Norske Samlagets 150-årsjubileum i 2018 gir forlaget ut Nynorsk litteraturhistorie. Forfattar og professor Jan Inge Sørbø er hyrt inn til oppdraget.
    Prosjektet Nynorsk litteraturhistorie tek sikte på å framstilla den nynorske litteraturen frå Ivar Aasen og opp til samtida som ei, samanhengande forteljing.
    Sørbø er professor i litteratur og sosialfag og har gjeve ut 22 bøker

  • NYNORSK KVINNEKRAFT PÅ LITTERATURHUSET I OSLO 8. MARS

    Forfattarane Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug i møte med Kjartan Fløgstad. HKH Kronprinsesse Mette-Marit vil vere til stades på arrangementet.

  • Årets fyrste utgåve av Syn og Segn er på marknaden!

    I den fyrste utgåva i 2016 kan du lese og lære meir om mellom anna:
    USA: Korleis fungerer det amerikanske valsystemet i dag? Kva nye politiske og økonomiske utfordringar står USA overfor? Og kven blir eigentleg den neste presidenten i landet? Hans Olav Lahlum, Ebba Boye og Are Tågvold Flaten tek eit blikk på det amerikanske samfunnet og valkampen frå ulike synsvinklar.
    SAMTALEN: Terroristane

  • Bjørn T. Bøe debuterer med "Det er ein ELEFANT i barnehagen"

    Bjørn T. Bøe debuterer som barnebokforfattar med ei forteljing om å la seg rive med av fantasien og ikkje la kvardagen stå i vegen for leik og magi.
    Bøe meiner bestemd at vaksne har eit og anna å lære av barna og deira evne til å la fantasien leve.
    - Barn har ei eineståande evne til å sjå magien i kvardagen. Men sjølv om dei vaksne i boka ikkje klarar å la seg riva like godt med som Maren, s

  • "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut i Danmark

    Agnes Ravatns gjennombrotsroman frå 2013, Fugletribunalet, er selt til det danske forlaget Batzer og co som frå før gir ut m.a. Jon Fosse, Tomas Espedal og Ingvild Rishøi. Fugletribunalet vert denne våren lansert i den engelske marknaden og har også kome ut på russisk, tysk, serbisk og litauisk. Nylig vart det også selt filmopsjon på boka, til Hummelfilm AS. 
    "Fugletribunalet" fekk strålande me

  • "M Train" av Patti Smith ute på norsk

    M Train av Patti Smith tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før.
    Ho inviterer oss inn i sin New York-kvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt

  • Elena Ferrantes Napoli-kvartett blir tv-serie

    Dei italienske produksjonsselskapa Fandango og Wildside står bak serien, og  Elena Ferrante er sjølv involvert i produksjonen. Fandango har tidligare produsert tv-serien som er basert på Roberto Savianos bok Gomorrah. Det er enno ikkje kjent når tv-serien vil ha premiere. 
    -Dette er romanar som bed om å bli filmatiserte. Den sterke historia, miljøskildringane og dei særs interessante karakteran

  • Lanseringsarrangement om Jon Fosses "Poesiar. Etter Henrik Wergeland"

    Samlaget og Nynorskens hus inviterer til lanseringsarrangement for Jon Fosses nye diktsamling "Poesiar. Etter Henrik Wergeland" på Nynorskens hus i Rosenkrantzs gt 8 onsdag 3.2. kl 19.
    Med Morten Espeland, Ola E. Bø, Anders Nordhammer, Camara Joof og barn frå Den mangfaldige scenen. Musikk ved KRANTZ Opplegg ved Morten Espeland, Kai Johnsen, Cecilie Seiness og Liv Hege Skagestad i samarbeid

  • Meir enn ei dobling av lettlesbøker på nynorsk

    I dag lanserer Samlaget atten nye Leseland-titlar, noko som gir ei dobling av det totale talet på lettlesbøker på nynorsk sidan 2014. Leseland tel no totalt trettifire titlar med tilhøyrande appar/berika ebøker. Det kjem nye titlar kvart år framover.
    Før Samlaget etablerte lettlesuniverset Leseland i 2014 hadde ein berre tjuefem lettlesbøker på nynorsk å velje mellom. Og det var ein urovekkan

Vis mer