Hallgeir Opedal aktuell med boka "Heim. Ei vandrehistorie"
Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til plassen der han voks opp. Han pakkar sekken, låser leilegheita og vandrar vestover mot Hardanger. Framføre seg har han nær 400 kilometer med asfalt.
Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for vandringa, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei føre