Bjarte Klakegg aktuell med roman om kjønnsidentitet og kjærleik
Ninkolai er ein roman om kjønnsidentitet, avvising og kjærleik, om å miste – og finne – sine nære i leiten etter seg sjølv.
Nina er ikkje lenger Nina, men er endå ikkje heilt blitt Nikolai. Tolv år gammal bur han på garden med besteforeldra Inger og Johannes. Mora har reist tilbake til byen dei to kom ifrå, utan Nikolai. Som ung vaksen flyttar han etter, mest for å finne fotfeste i seg sjølv, m