Mette Karlsvik ute med ny roman; "Surtsey"
Den kritikarroste og prisvinnande forfattaren Mette Karlsvik er klar med romanen Surtsey der ho tek for seg kreftene i naturen og i menneska.
Det er jonsok på den islandske øya Heimaey, og ungdommane feirar på Tollbua. Soley kjem i prat med Vidar, og i hamna finn dei ein båt som dei seglar ut på havet med. Å vere to i same båt er nytt og rart, men når sterke naturkrefter blir sleppte laus unde