Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Herborg Kråkeviks Kjære landsmenn! hausta gode kritikkar da den hadde premiere i 2011. Foto: Mona Nordøy.

    Med Herborg i stova

    I høve nasjonaldagen inviterer Det Norske Teatret til eit kjærkoment gjensyn med Herborg Kråkeviks eigen hylling til fedrelandet. Framsyninga blei til same året Kråkevik flytta heim til gamlelandet, og her står ho fram som dansk ”kikkar” på det norske.

  • Det Norske Teatret gler seg over å kunne invitere til urpremiere på barneframsyninga Jakob og Neikob og Alle Andre. Foto: Dag Jenssen.

    Det Norske Teatret spelar teater igjen

    Frå torsdag 7. mai er det lov å samle inntil 50 personar i teateret, og da blir det premiere på barneframsyninga Jakob og Neikob og Alle Andre på Det Norske Teatret.

  • Skodespelar Ane Dahl Torp og komponist Sjur Miljeteig har samarbeida om å lage Haugtussa. Foto: Åsne Dahl Torp.

    Haugtussa som radioteater

    For åtte år sidan fekk Ane Dahl Torp ein førespurnad frå ein liten kulturfestival på Vestlandet om å lese nokre dikt ho likte. Dette enda opp med å bli ei teaterframsyning som framleis står på plakaten på Det Norske Teatret. No kjem Haugtussa i Dahl Torp og Sjur Miljeteigs versjon som radioteater.

  • Foto: Tale Hendnes

    Fersk Ibsenprisvinnar som digital oppleving

    Mare av Lisa Lie blei kåra til den store kultklassikaren da framsyninga hadde urpremiere på Scene 2 i 2019. No har framsyninga nett vunne den nasjonale Ibsenprisen for beste scenetekst, og i det høvet blir framsyninga tilgjengeleg i ein digital versjon frå videoarkivet.

  • Faten Mahdi Al-Hussaini er ein av dei unge som deler si historie i framsyninga Utafor. Foto: Dag Jenssen.

    Teater om radikalisert ungdom til stova

    To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet i Utafor. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.

  • Nye avlysingar

    Nye avlysingar

    Det Norske Teatret avlyser alle framsyningar og arrangement til og med 15. juni.

  • Are Kalvø har mange spissfindige skråblikk på korleis vi nordmenn nytter tida vår. Foto: Dag Jenssen.

    Are Kalvø og Svein Tindberg i stova

    Til påske blir det fleire digitale kulturopplevingar å gle seg til, både til latter og ettertanke. Denne gongen tilbyr Det Norske Teatret publikumssuksessane Mi bragd med Are Kalvø og Abrahams barn med Svein Tindberg.

  • Digital Bikubekveld med Mimmi

    Digital Bikubekveld med Mimmi

    Det Norske Teatret held fram med å dele digitale kulturopplevingar med publikum. Denne fredagen blir det Bikubekveld med ein av våre talentfulle skodespelarar med fleire bein å stå på, nemleg Mimmi Tamba, som også er artist.

  • Ane Dahl Torp ser inn i framtida med Solaris korrigert. Foto: Erik Berg.

    Det Norske Teatret lanserer digitalt teater

    I dagane da teatret må halde stengt, vil teateret finne nye vegar å nå ut til publikum. Først ut er premiere på digitalversjon av den prisvinnande og kritikarroste teaterframsyninga Solaris korrigert.

  • Stenger til over påske

    Stenger til over påske

    ​Det Norske Teatret har beslutta å stenge ned verksemda i Kristian IVs gate og på Rommen Scene fram til etter påske.

  • Foto: Marcel Lelienhöf.

    Avlyser framsyningar i to veker

    ​Det Norske Teatret ser seg nøydd til å avlyse alle framsyningane som er planlagde i to veker framover (til og med onsdag 25. mars).

Vis mer