Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Mimmi Tamba og Ina Svenningdal skal spele dei vaksne utgåvene av Elsa og Anna. No ser Det Norske Teatret etter barn til barneutgåvene av søskenparet frå Arendelle. Foto: Monica Tormassy.

    Audition til barneutgåva av Elsa og Anna frå Disneys Frost - musikalen

    Da blockbustaren Frost nådde kinolerretet for 10 år sidan var det som eit snøras feide over verdas småjenter. Ei strofe frå Let it go, og ungane forvandla seg til små isdronninger med magiske krefter. No jaktar Det Norske Teatret på dei ungane som skal gi liv til eit av verdas mest kjente søskenpar i Disneys Frost - musikalen, og søker jenter i alderen 8-12 år til audition i slutten av april.
    <

  • Hausten 2023 på Det Norske Teatret

    Hausten 2023 på Det Norske Teatret

    Dei fleste har kanskje allereie fått med seg at Det Norske Teatret inngår i eit stort samarbeid om å lage ei heilt ny nordisk iscenesetjing av musikalen Frost. Men hausten byr på mykje meir. Det blir også sagprosateater med Lars Myttings Heil ved, Fossefestival, ny framsyning frå Bjarte Tjøstheim og ny produksjon med kunstnarduoen Vinge/Müller i tillegg til ein periode med gratis teater på Scene 3

  • Heilt ny iscenesetjing av Frost i dei nordiske landa

    Heilt ny iscenesetjing av Frost i dei nordiske landa


    Vesturport i samarbeid med Det Norske Teatret, Nasjonalteateret på Island, Stockholm Stadsteater og Helsingfors Stadsteater sin versjon av Disneys Frost.
    DISNEYS FROST: MUSIKALEN
    PREMIERE 14. OKTOBER 2023
    HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET
    Ein heilt ny sceneversjon av musikalen er på veg til dei nordiske landa Noreg, Island, Sverige, Finland og Danmark.
    Kunstnarleg leiar ved Ve

  • Vetle Bergan drøymer seg gjennom heile Tryllefløyta på Det Norske Teatret som Pamino. Foto: Fredrik Arff.

    Tryllefløyta i humørfylt teaterversjon

    Når Det Norske Teatret tek Mozarts operaverk til teaterscenen, blir det heile omgjort til ein publikumars draum.

    TRYLLEFLØYTA
    av Wolfgang Amadeus Mozart og Emanuel Schikaneder
    PREMIERE LAURDAG 22. APRIL KL. 17.30
    HOVUDSCENEN
    På første rad i Det Norske Teatrets Hovudscenesal sit ein publikumar og snorkar og søv. Så faldar draumen hans seg ut. Han er blitt Tamino, guten som f

  • Sara vil helst ikkje fortelje venninna Lajla kva som skjedde på festen. Foto: Aslak Mikal Mienna.

    Samisk ungdomsframsyning om valdtekt

    Forfattar Katrine Nedrejord har reist i store delar av Nord-Noreg og snakka med offer for valdtekt. Det gjorde henne sint, og sinnet brukte ho til å skrive. No har Beaivváš Sámi Našunálateáhter laga teater av ungdomsboka hennar.
    Det Sara skjuler/Maid Sárá čiegada
    FREDAG 24. MARS KL. 20.00 OG LAURDAG 25. MARS KL 16.00
    GJESTESPEL FRÅ DET SAMISKE NASJONALTEATERET BEAIVVÁŠ
    SCENE 3
    Rundt

  • Abdulhkeem Hassane slo igjennom som rappar og artist da han var 20 år gamal med låta "Fy faen", i lag med ungdomskompisen Temur Baig. Foto: Eirik Malmo.

    Hkeem debuterer på teaterscenen

    Abdulhakeem Hassane - eller Hkeem, som dei fleste kjenner han som - har faktisk drøymt om å stå på ein teaterscene lenger enn han har vore rappar. Denne våren blir det verkelegheit - og det med si eiga ærlege historie.

    ABDUL ≈ HKEEM
    av Hannah Wozene Kvam og Abdulhakim Hassane
    URPREMIERE 29. MARS KL. 19.30
    ROMMEN SCENE, DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALEN

    For to år sidan satt ku

  • Dei to skodespelarane skal også få bryne seg på songskattane frå dei to legendariske artistane. Foto: Eirik Malmo.

    Gjertud Jynge og Ingeborg Sundrehagen Raustøl blir Piaf og Dietrich

    Dei to ikona Marlene Dietrich og Edith Piaf klarte det kunststykket å halde det djupfølte vennskapet og kjærleiksforholdet skjult for den store offentlegheita, trass i det verdsomspennande renommeet. No blir forteljinga om vennskapen deira til teater med Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Gjertrud Jynge i rollene.

    SPORV OG ENGEL
    av Daniel Große Boymann og Thomas Kahry
    NOREGSPREMIERE 24.

  • Onsdag 15. mars blir det igjen direktestrøymd teater frå scenen. Foto: Dag Jenssen.

    Svein Tindberg direkte heim


    Det Norske Teatret held fram den ambisiøse i satsinga på direktestrøyming av teater. Denne gongen er det den nest siste framsyninga av Gudspartikkelen som kan opplevast frå sofaen heime.
    Direktestrøyming av GUDSPARTIKKELEN
    av Svein Tindberg og Kjetil Berg-Hansen
    ONSDAG 15. MARS KL. 19.30
    I STOVA D


    Er fysikkens "big bang" og Guds "bli lys" eigentleg ein og same sak? Det e

  • Det Andre Teatret har snike seg inn på Det Norske Teatret for å stele scenen. Dei mistenkte for tjuveriet som skal skje er: Helene Abrahamsen, Veslemøy Mørkrid, Mats Eldøen og Marte Mørland.

    Stel scenen frå Det Norske Teatret

    Kva kan hende når improvisatørane frå Det Andre Teatret "stel" scenen frå Romeo og Julie? Alt, kanskje?

    UT OG STJÆLE SCENER
    DET ANDRE TEATRET PÅ DET NORSKE TEATRET
    FREDAG 3. MARS KL. 21.00
    SCENE 2
    Vanlegvis er det ikkje lov til å tulle i scenografien til ei framsyning. Bortsett frå ein gong i året, og det er for lukka dører under teaterets interne teknikarrevy. Men Det Norske Te

  • Barn leikar uansett korleis omgivnadene er. Fotomontasje: Eirik Malmo.

    Ronja Røvardotter som krigsbarn

    Trass i ufred spirer leiken og håpet. Dette er utgangspunktet for regissør Catrine Telles versjon av Ronja Røvardotter.

    RONJA RØVARDOTTER
    av Astrid Lindgren
    LAURDAG 4. MARS KL. 18.00
    HOVUDSCENEN

    - Barn over heile verda bur, veks opp og leikar i det som eigentleg er ein kulisse for krigshandlingar. Vi ser jo stadig vekk bilete i media av barn som finn tilbake til ein kvardag

  • Nils Henrik Buljo og Egil Keskitalo i Jon Fosses Og så kan hunden komme. Foto: Andreas Ausland.

    Psykologisk drama frå Beaivváš Sámi Našunálateáhter

    Kjærleiken mellom ein hund og herren hans kan vere sterk. Så sterk at han er verd å drepe for? I Jon Fosses psykologiske drama Og så kan hunden komme, må ein mann bøte dyrt for å ha skote naboens hund.
    Og så kan hunden komme/ Bohtos dál dat beana
    av Jon Fosse
    Gjestespel frå Beaivváš Sámi Našunálateáhter
    Tysdag 21. februar kl. 20.30 og onsdag 22. februar kl. 19.00
    Scene 3
    Scenespr

  • Sigrid Husjord og Emil Johnsen gir liv til mora  og eg-personen i Ei kvinnes kampar og forvandlingar. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Édouard Louis kjem til premieren på teaterstykket om mora

    Édouard Louis’ mor blei verande i eit destruktivt ekteskap heile oppveksten hans. Kvifor? I romanen En kvinnes frigjøring skildrar Louis hennar veg ut. No blir dette teater i regi av Kjersti Horn.

    EI KVINNES KAMPAR OG FORVANDLINGAR
    av Édouard Louis
    PREMIERE 17. FEBRUAR KL. 19.30
    SCENE 2
    SAMTALE MED ÉDOUARD LOUIS OG KJERSTI HORN PÅ PREMIEREDAGEN KL. 19.00

    Scenograf Sven Ha

Vis mer