Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Det Norske Teatrets nye teatersjef fra 2025, Kjersti Horn. Foto: Magnus Skrede.

    Kjersti Horn er ny teatersjef ved Det Norske Teatret

    Endeleg er det klart kven som skal ta over stafettpinnen som ny teatersjef ved Det Norske Teatret.
    Det Norske Teatret har vakse til i bli ein av dei viktigaste scenekunstinstitusjonane i Norden. Kjersti Horn har sett markante kunstnarlege avtrykk i nordisk scenekunst. Dei siste åra har ho opplevd eventyrleg kunstnarleg suksess. Horn har synt seg som ein uredd regissør som med sine eksperimente

  • Byggmeister Solness startar i ei utstilling signert Vegard Vinge.

    Vinge og Müller tilbake med Ibsen

    Det tysk-norske teaterparet Vegard Vinge og Ida Müller held fram med sitt revolusjonerande Ibsen-prosjekt under Den internasjonale Fossefestivalen.

    BYGGMEISTER SOLNESS
    av Henrik Ibsen
    i ein versjon av Vegard Vinge og Ida Müller
    PREMIERE 9. SEPTEMBER KL. 14.00
    SCENE 2
    Regi- og scenograf-duoen har dei siste to tiåra rysta, utfordra, provosert og begeistra eit stort og internasj

  • Teppet går opp for den tredje internasjonale Fossefestivalen

    Teppet går opp for den tredje internasjonale Fossefestivalen

    For tredje gong skal vi feire forfattarskapen til vår tids største norske dramatikar, Jon Fosse. Årets festival kan skilte med solide gjestespel frå det store utland, i tillegg til urpremiere på ei ny gjendikting av Jon Fosse sjølv, Oslo-premiere på ein ny Fosse-tittel, eit breitt sideprogram - og ikkje minst ei spennande premiere på nytt stykke frå teaterduoen Vinge/Müller.
    DEN INTERNASJONALE

  • Gjertrud Jynge spelar Klytaimnestra, som drep mannen sin, og må bøte med livet sjølv. Foto: Erik Berg.

    Har rettsstaten vunne over blodhemnen?

    Oresteia av Aiskylos frå år 458 f.kr. handlar om demokratiets og rettsstatens fødsel. Oresteia blir gjerne lese som eit oppgjer med blodhemnen, men det ligg ein ambivalens mellom linjene som òg opnar for ei djupare meining. Kanskje er den evige spiralen av blodhemn noko vi framleis ikkje har greidd å fri oss heilt frå?

    ORESTEIA
    av Aiskylos. I ein versjon av Jon Fosse
    URPREMIERE 1. SEP

  • Det Norske Teatret har skapt drama rundt nynorsken i 100 år. I haust skal musikalen Frost få nynorsk språkdrakt, og før debatten får publikum høyre Mimmi Tamba framføre urpremieren på monsterhiten "Let it go" på nynorsk. Foto: Siren Høyland Sæter.

    Vil den nye språklova redde nynorsken?

    Det Norske Teatret tar turen til Arendalsveka for første gong. Her vil vi kaste lys over den nye språklova som tredde i kraft frå 2022. Vi inviterer til ei samling som tar opp korleis språklovas krav om at nynorsken skal «fremjast og styrkast» blir levd opp til i praktisk politikk. Men før vi fyrer opp samtalen om den nye språklova, får du oppleva ei urpremiere. Mimmi Tamba kjem! Og ho syng den kj

  • Fredag framfører Svein Tindberg Abrahams barn for 350. og aller siste gong. Dette er også Svein Tindbergs nest siste gong på scenen på Det Norske Teatret som fast tilsett skodespelar. Foto: Fredrik Arff.

    Tindbergs siste Abrahams barn-framsyning som direktestrøyming

    Abrahams barn er den vesle framsyninga som blei ein av teaterets største suksessar. Fredag framfører Svein Tindberg soloframsyninga for 350. og aller siste gong, og publikum kan oppleve hendinga over heile landet.
    Direktestrøyming av ABRAHAMS BARN
    av Svein Tindberg
    FREDAG 9. JUNI KL. 19.30
    I STOVA DI

    Abrahams barn har hatt ei lang reise sidan premieren i 2011. Det byrja med eit

  • I heile 10. dagar, frå 9. - 18. juni, kan publikum oppleve teater frå heile landet i Oslo.

    Fem nominasjonar og Heddadagar på Det Norske Teatret

    I dag blei nominasjonane til årets Heddaprisar lagde fram, og tre av Det Norske Teatrets framsyningar har blitt heidra med nominasjonar. Alle tre blir det mogleg å sjå under teaterfestivalen Heddadagane 9. - 18. juni, da heile byen vil koke over av teateropplevingar frå heile landet. Det Norske Teatret har også seks gjestespel frå andre teater på gjesting.

    Ikkje overraskande, kanskje, så er

  • Det Norske Teatret er Noregs største teaterhus og har om lag 250.000 publikumarar årleg. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

    Solid søkjarliste til stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret

    Stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret er ledig frå 2025. No er lista over søkjarar klar.
    – Vi er svært nøgde med at vi har fått så mange kvalifiserte søkjarar til teatersjefstillinga, seier Hilde Barstad, styreleiar ved Det Norske Teatret.
    Teatersjef Erik Ulfsbys periode ved Det Norske Teatret går mot slutten. Etter 14 år i stillinga er det no andre som skal ta over eit teater som

  • Sjølvportrett, Aksel Waldemar Johannessen.

    Utstillingsopning, Aksel Waldemar Johannessen

    Tre nye måleri av Aksel Waldemar Johannessen blir stilte ut permanent i foajeområda på Det Norske Teatret.
    VERNISSAGE/OPNING ONSDAG 31. MAI KL. 12.00
    UTSTILLING AV AKSEL WALDEMAR JOHANNESSEN
    DET NORSKE TEATRET
    Frå før har det Norske Teatret stilt ut måleriet Kirkegårdsgravere i foajeen. Dette bildet får no selskap av tre andre måleri av den omstridde kunstnaren, mellom dei måleriet K

  • Dei japanske maneki-neko-figurane er meint å tiltrekke seg lykke. Katten i Sudden death fører derimot ikkje berre lukke med seg. Foto: iStock/LoulouVonGlup

    Er ei god historie betre enn ei sann historie?

    Når sanninga bit deg i halen.

    SUDDEN DEATH
    av Petter S. Rosenlund
    URPREMIERE 25. MAI kl. 20.00
    SCENE 3
    Ein mann har - mest sannsynleg - kanskje - ganske sikkert, køyrt over ein katt. Det set i gang ein spiral av dekkhistorier, spinn og utgreing av alternative fakta, som sjølvsagt blir meir infløkte når kattens svært så single eigar dukkar opp. Eit bilde av ei trist dame blir lag

  • Os Barne-og ungdomsteater vider framsyninga Galaxyland av Rolf Kristian Larsen. Foto: Thor Brødreskift.

    Teaterungdom frå heile landet til Det Norske Teatret

    For tiande gong skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.
    DUS - FESTIVALEN
    DEN UNGE SCENEN
    LANDSDEKKANDE TEATERFESTIVAL FOR UNGDOM
    11. - 13. MAI
    DET NORSKE TEATRET
    Annankvart årt blir det arrangert DUS-festival ved Det Norske Teatret. Her viser ungdom i alderen 13 - 19 år framsynin

  • Årsmøte i Det Norske Teatret

    Årsmøte i Det Norske Teatret


    Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 29. april.

    Året i tal
    Kort oppsummert viser tala for 2022 eit besøkstal på 182 092 (73 385 for 2021). Samla billettinntekter var på 49,9 millionar kroner ( 11 i 2021).

    Grunna høge straumprisar og ei generell kostnadsauke fekk teateret eit negativt årsresultat på 7,7 millionar kroner (1,4 millionar kroner i 2021).
    - Det er

Vis mer