Hedvigs bilde
Kven er Hedvig bak maska? Kva leitar ho etter i fotografia sine? I denne varsjonen av Ibsens Villanda er det Hedvigs indre kamp for å finne seg sjølv som står i sentrum.
Kven er Hedvig bak maska? Kva leitar ho etter i fotografia sine? I denne varsjonen av Ibsens Villanda er det Hedvigs indre kamp for å finne seg sjølv som står i sentrum.
Godseigarinne Ljubóv Ranévskaja og familien har brukt opp sin siste rubel. Likevel held festen fram. Kvifor er det så vanskeleg for oss menneske å innsjå katastrofen, sjølv når han er eit faktum?
Det har aldri vore lett å vere ung. I Vårløysing får skamkjensler og vaksnes dobbeltmoral fatale konsekvensar for dei unge når vårsesongen opnar på Det Norske Teatret.
Fysisk smerte kan vere lettare å takle enn den psykiske. På Rommen Scene står ni ungdomar frå Stovner bokseklubb på scenen i lag med trenaren Hina Zaidi og deler historier frå eigne liv.
- Ja, så avgjort, seier teatersjef Erik Ulfsby som frå 22. november er aktuell med regien på framsyninga Ein av oss på Scene 2. Saman med konseptkunstnaren Lars Ramberg og Ditteke Waidelich ønskjer han å forske på kva som var drivkrafta bak det kollektive traumet som ramma samfunnet vårt 22. juli 2011.
Edouard Louis´ far er ikkje død enno. Men på mange vis er han det. Helsa er øydelagd, likevel må han jobbe. I Kven drap far min klandrar Louis styresmaktene for å vere mordarar gjennom politikken dei fører.
"Ei uvanleg vakker diktsamlig", sa juryen i Nynorsk litteraturpris om diktromanen Sigd av Ruth Lillegraven i 2016. Boka skal bli omsett til fem språk og er blitt nominert til den tyske litteraturprisen Hotlist. No blir dikta til teater.
Det Norske Teatret har i dag tilsett Hans Antonsen som ny direktør.
I dag la Det Norske Teatret fram eit rikhaldig og variert program for våren 2020. Klassikarar i moderne tolkingar, Brechts Tolvskillingsoperaen lagt til ei tenkt framtid, Jan Grønlis avskjedsframsyning og nyare dramatikk pregar teaterscenen denne våren.
Vidar Magnussen hadde sist regien på The Book of Mormon - no er han sjefskonditor når dei siste ingrediensane til Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken blir smelta saman på Det Norske Teatret.
I helga blir Det Norske Teatret fylt av barn som skal få bryne seg på hiphop-elementa.
Den tyske ungdomsromanen Tschick - adjø Berlin er omsett til over 30 språk, filmatisert og spelt i teaterversjon på eit utal scener i Tyskland. No er den elleville historia om outsidarane Mike og Tschick klar for Noregspremiere.