Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Det Norske Teatret spelar teater igjen

    Frå torsdag 7. mai er det lov å samle inntil 50 personar i teateret, og da blir det premiere på barneframsyninga Jakob og Neikob og Alle Andre på Det Norske Teatret.

  • Haugtussa som radioteater

    For åtte år sidan fekk Ane Dahl Torp ein førespurnad frå ein liten kulturfestival på Vestlandet om å lese nokre dikt ho likte. Dette enda opp med å bli ei teaterframsyning som framleis står på plakaten på Det Norske Teatret. No kjem Haugtussa i Dahl Torp og Sjur Miljeteigs versjon som radioteater.

  • Fersk Ibsenprisvinnar som digital oppleving

    Mare av Lisa Lie blei kåra til den store kultklassikaren da framsyninga hadde urpremiere på Scene 2 i 2019. No har framsyninga nett vunne den nasjonale Ibsenprisen for beste scenetekst, og i det høvet blir framsyninga tilgjengeleg i ein digital versjon frå videoarkivet.

  • Teater om radikalisert ungdom til stova

    To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet i Utafor. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.

  • Are Kalvø og Svein Tindberg i stova

    Til påske blir det fleire digitale kulturopplevingar å gle seg til, både til latter og ettertanke. Denne gongen tilbyr Det Norske Teatret publikumssuksessane Mi bragd med Are Kalvø og Abrahams barn med Svein Tindberg.

  • Digital Bikubekveld med Mimmi

    Det Norske Teatret held fram med å dele digitale kulturopplevingar med publikum. Denne fredagen blir det Bikubekveld med ein av våre talentfulle skodespelarar med fleire bein å stå på, nemleg Mimmi Tamba, som også er artist.

  • Det Norske Teatret lanserer digitalt teater

    I dagane da teatret må halde stengt, vil teateret finne nye vegar å nå ut til publikum. Først ut er premiere på digitalversjon av den prisvinnande og kritikarroste teaterframsyninga Solaris korrigert.

  • Neikob vil bli som Alle Andre

    Jakob og Neikob og alle andre er ei sjarmerande og morosam historie for dei minste om å setje pris på at vi alle er forskjellige.

  • Slåttekar i himmelen blir teater

    Boka om Edvard Hoems eigen oldefar, slåttekaren Nesje, har nådd ein stor lesarskare. No kjem boka til liv på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

  • Marie Blokhus tilbake - som Werther

    For ti år sidan debuterte Marie Blokhus som skodespelar i Goethes ungdomsroman Unge Werthers lidingar.  Det blei ein kultsuksess av ei framsyning, godt hjelpt av ein slakt i Dagbladet. Når ho no vender tilbake til dette verket, står ho aleine på scenen og med fokus på dei mørkare sidene i teksten.
    ​WERTHER
    ​PREMIERE 21. FEBRUAR KL. 20.30 
    ​SCENE 3

    Sist spelte Marie Blokhus rolla s

Vis mer