Gå videre til innhold

Emner: Teater

  • Iskald magi og varm søskenkjærleik på Hovudscenen

    Frost er snart premiereklar på Det Norske Teatret.
    DISNEYS FROST: MUSIKALENPREMIERE 14. OKTOBER KL. 18.00HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET
    Det må ut, syng Elsa av Arendelle og slepper kreftene laus. Over scenen virvlar snø, is og kulde. Ho er endeleg fri og treng ikkje halde tilbake kjenslene sine. No kan ho omfamne den ho eigentleg er.
    Under det nordiske lyset er eventyret om Elsa og Anna

  • «Bed-in mot apokalypsen» med Vegard Vinge

    Til framsyninga Byggmeister Solness har regissøren Vegard Vinge skapt ein heilt særeigen «programkatalog» - ein labyrint av eit kunstverk. Fredag blir publikum inviterte til sengs med regissøren og dramaturg Julian Blaue for å snakke om kunsten.«Bed-in mot apokalypsen»Utstillingsopning og samtaleFredag 15. september kl. 17.00Foajeen ved Scene 2I foajeen på Det Norske Teatret står det ei utstilling

  • Kjersti Horn er ny teatersjef ved Det Norske Teatret

    Endeleg er det klart kven som skal ta over stafettpinnen som ny teatersjef ved Det Norske Teatret. Det Norske Teatret har vakse til i bli ein av dei viktigaste scenekunstinstitusjonane i Norden. Kjersti Horn har sett markante kunstnarlege avtrykk i nordisk scenekunst. Dei siste åra har ho opplevd eventyrleg kunstnarleg suksess. Horn har synt seg som ein uredd regissør som med sine eksperimentelle

  • Vinge og Müller tilbake med Ibsen

    Det tysk-norske teaterparet Vegard Vinge og Ida Müller held fram med sitt revolusjonerande Ibsen-prosjekt under Den internasjonale Fossefestivalen.BYGGMEISTER SOLNESSav Henrik Ibseni ein versjon av Vegard Vinge og Ida MüllerPREMIERE 9. SEPTEMBER KL. 14.00SCENE 2Regi- og scenograf-duoen har dei siste to tiåra rysta, utfordra, provosert og begeistra eit stort og internasjonalt publikum. Frå sin base

  • Teppet går opp for den tredje internasjonale Fossefestivalen

    For tredje gong skal vi feire forfattarskapen til vår tids største norske dramatikar, Jon Fosse. Årets festival kan skilte med solide gjestespel frå det store utland, i tillegg til urpremiere på ei ny gjendikting av Jon Fosse sjølv, Oslo-premiere på ein ny Fosse-tittel, eit breitt sideprogram - og ikkje minst ei spennande premiere på nytt stykke frå teaterduoen Vinge/Müller.DEN INTERNASJONALE FOSS

  • Har rettsstaten vunne over blodhemnen?

    Oresteia av Aiskylos frå år 458 f.kr. handlar om demokratiets og rettsstatens fødsel. Oresteia blir gjerne lese som eit oppgjer med blodhemnen, men det ligg ein ambivalens mellom linjene som òg opnar for ei djupare meining. Kanskje er den evige spiralen av blodhemn noko vi framleis ikkje har greidd å fri oss heilt frå?ORESTEIAav Aiskylos. I ein versjon av Jon FosseURPREMIERE 1. SEPTEMBER KL. 19.00

  • Vil den nye språklova redde nynorsken?

    Det Norske Teatret tar turen til Arendalsveka for første gong. Her vil vi kaste lys over den nye språklova som tredde i kraft frå 2022. Vi inviterer til ei samling som tar opp korleis språklovas krav om at nynorsken skal «fremjast og styrkast» blir levd opp til i praktisk politikk. Men før vi fyrer opp samtalen om den nye språklova, får du oppleva ei urpremiere. Mimmi Tamba kjem! Og ho syng den kj

  • Tindbergs siste Abrahams barn-framsyning som direktestrøyming

    Abrahams barn er den vesle framsyninga som blei ein av teaterets største suksessar. Fredag framfører Svein Tindberg soloframsyninga for 350. og aller siste gong, og publikum kan oppleve hendinga over heile landet.
    Direktestrøyming av ABRAHAMS BARNav Svein TindbergFREDAG 9. JUNI KL. 19.30I STOVA DI

    Abrahams barn har hatt ei lang reise sidan premieren i 2011. Det byrja med eit oppriktig ø

  • Fem nominasjonar og Heddadagar på Det Norske Teatret

    I dag blei nominasjonane til årets Heddaprisar lagde fram, og tre av Det Norske Teatrets framsyningar har blitt heidra med nominasjonar. Alle tre blir det mogleg å sjå under teaterfestivalen Heddadagane 9. - 18. juni, da heile byen vil koke over av teateropplevingar frå heile landet. Det Norske Teatret har også seks gjestespel frå andre teater på gjesting.Ikkje overraskande, kanskje, så er Sara Kh

  • Solid søkjarliste til stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret

    Stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret er ledig frå 2025. No er lista over søkjarar klar. – Vi er svært nøgde med at vi har fått så mange kvalifiserte søkjarar til teatersjefstillinga, seier Hilde Barstad, styreleiar ved Det Norske Teatret.Teatersjef Erik Ulfsbys periode ved Det Norske Teatret går mot slutten. Etter 14 år i stillinga er det no andre som skal ta over eit teater som på mang

  • Utstillingsopning, Aksel Waldemar Johannessen

    Tre nye måleri av Aksel Waldemar Johannessen blir stilte ut permanent i foajeområda på Det Norske Teatret.VERNISSAGE/OPNING ONSDAG 31. MAI KL. 12.00 UTSTILLING AV AKSEL WALDEMAR JOHANNESSENDET NORSKE TEATRET
    Frå før har det Norske Teatret stilt ut måleriet Kirkegårdsgravere i foajeen. Dette bildet får no selskap av tre andre måleri av den omstridde kunstnaren, mellom dei måleriet Kortspillere,

  • Er ei god historie betre enn ei sann historie?

    Når sanninga bit deg i halen.SUDDEN DEATHav Petter S. RosenlundURPREMIERE 25. MAI kl. 20.00SCENE 3Ein mann har - mest sannsynleg - kanskje - ganske sikkert, køyrt over ein katt. Det set i gang ein spiral av dekkhistorier, spinn og utgreing av alternative fakta, som sjølvsagt blir meir infløkte når kattens svært så single eigar dukkar opp. Eit bilde av ei trist dame blir lagd ut på sosiale media -

  • Teaterungdom frå heile landet til Det Norske Teatret

    For tiande gong skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.
    DUS - FESTIVALENDEN UNGE SCENENLANDSDEKKANDE TEATERFESTIVAL FOR UNGDOM11. - 13. MAIDET NORSKE TEATRET
    Annankvart årt blir det arrangert DUS-festival ved Det Norske Teatret. Her viser ungdom i alderen 13 - 19 år framsyningar baserte på n

  • Årsmøte i Det Norske Teatret


    Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 29. april.

    Året i tal Kort oppsummert viser tala for 2022 eit besøkstal på 182 092 (73 385 for 2021). Samla billettinntekter var på 49,9 millionar kroner ( 11 i 2021).

    Grunna høge straumprisar og ei generell kostnadsauke fekk teateret eit negativt årsresultat på 7,7 millionar kroner (1,4 millionar kroner i 2021).- Det er imponera

  • Audition til barneutgåva av Elsa og Anna frå Disneys Frost - musikalen

    Da blockbustaren Frost nådde kinolerretet for 10 år sidan var det som eit snøras feide over verdas småjenter. Ei strofe frå Let it go, og ungane forvandla seg til små isdronninger med magiske krefter. No jaktar Det Norske Teatret på dei ungane som skal gi liv til eit av verdas mest kjente søskenpar i Disneys Frost - musikalen, og søker jenter i alderen 8-12 år til audition i slutten av april.
    F

  • Hausten 2023 på Det Norske Teatret

    Dei fleste har kanskje allereie fått med seg at Det Norske Teatret inngår i eit stort samarbeid om å lage ei heilt ny nordisk iscenesetjing av musikalen Frost. Men hausten byr på mykje meir. Det blir også sagprosateater med Lars Myttings Heil ved, Fossefestival, ny framsyning frå Bjarte Tjøstheim og ny produksjon med kunstnarduoen Vinge/Müller i tillegg til ein periode med gratis teater på Scene 3

  • Heilt ny iscenesetjing av Frost i dei nordiske landa


    Vesturport i samarbeid med Det Norske Teatret, Nasjonalteateret på Island, Stockholm Stadsteater og Helsingfors Stadsteater sin versjon av Disneys Frost.DISNEYS FROST: MUSIKALENPREMIERE 14. OKTOBER 2023HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET
    Ein heilt ny sceneversjon av musikalen er på veg til dei nordiske landa Noreg, Island, Sverige, Finland og Danmark. Kunstnarleg leiar ved Vesturport Teater,

  • Tryllefløyta i humørfylt teaterversjon

    Når Det Norske Teatret tek Mozarts operaverk til teaterscenen, blir det heile omgjort til ein publikumars draum. TRYLLEFLØYTA av Wolfgang Amadeus Mozart og Emanuel Schikaneder PREMIERE LAURDAG 22. APRIL KL. 17.30HOVUDSCENEN På første rad i Det Norske Teatrets Hovudscenesal sit ein publikumar og snorkar og søv. Så faldar draumen hans seg ut. Han er blitt Tamino, guten som får i oppgåve å redde Pam

  • Samisk ungdomsframsyning om valdtekt

    Forfattar Katrine Nedrejord har reist i store delar av Nord-Noreg og snakka med offer for valdtekt. Det gjorde henne sint, og sinnet brukte ho til å skrive. No har Beaivváš Sámi Našunálateáhter laga teater av ungdomsboka hennar.
    Det Sara skjuler/Maid Sárá čiegadaFREDAG 24. MARS KL. 20.00 OG LAURDAG 25. MARS KL 16.00GJESTESPEL FRÅ DET SAMISKE NASJONALTEATERET BEAIVVÁŠSCENE 3Rundt 10% av alle kvi

  • Hkeem debuterer på teaterscenen

    Abdulhakeem Hassane - eller Hkeem, som dei fleste kjenner han som - har faktisk drøymt om å stå på ein teaterscene lenger enn han har vore rappar. Denne våren blir det verkelegheit - og det med si eiga ærlege historie.ABDUL ≈ HKEEMav Hannah Wozene Kvam og Abdulhakim HassaneURPREMIERE 29. MARS KL. 19.30ROMMEN SCENE, DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALENFor to år sidan satt kunstnarleg leiar ved Det Nors

Vis mer