Vil styrke norsk reiseliv med felles selskap
Fjord1, Vy og dei fire eigarane i Aurland Ressursutvikling har signert ein prinsippavtale der målet er å etablere eit felles selskap for reiseliv i Norge. Prinsippavtalen er første steg for å samle alle reiselivsselskapa under eit felles eigarskap. Ei slik samling vil omfatte selskapa Aurland Ressursutvikling (ARU), Fjord Tours Group, Flåm Utvikling (Flåmsbana) og The Fjords.