Unik fjordkonsert med Ingrid Olava
Laurdag 25. september kan ein få oppleva ein unik konsert med Ingrid Olava om bord på elektriske Legacy of The Fjords på Nærøyfjorden.
Laurdag 25. september kan ein få oppleva ein unik konsert med Ingrid Olava om bord på elektriske Legacy of The Fjords på Nærøyfjorden.
Fjord1, Vy og dei fire eigarane i Aurland Ressursutvikling har signert ein prinsippavtale der målet er å etablere eit felles selskap for reiseliv i Norge. Prinsippavtalen er første steg for å samle alle reiselivsselskapa under eit felles eigarskap. Ei slik samling vil omfatte selskapa Aurland Ressursutvikling (ARU), Fjord Tours Group, Flåm Utvikling (Flåmsbana) og The Fjords.
Merete Bø og Thomas Giertsen er i vinden med podkasten “Jeg kan ingenting om vin”, og laurdag 23. oktober kan ein oppleva dei live. Myrkdalen inviterer til ein morosam, smakfull og lærerik kveld med Vilt og Vin i Fjellstova Vetlebotn. Arrangementet ser ut til å bli svært populært, berre få dagar etter at det vart publisert nærmar arrangementet seg utselt.
Lørdag 11. september går Flåmsdalenløpet av stabelen for 4. gang. Aurland IL og Vatnahalsen Hotel var initiativtakere til oppstarten av løpet i 2017, som raskt ble kjent som Norges vakreste halvmaraton. Etter ett års ufrivillig pause i 2020, er løpet nå tilbake med Norway’s best AS som en ny og viktig bidragsyter. Som før blir det også i år pengepremier til de raskeste i dame- og herreklassene.
Solrun Hjelleflat har beslutta å fråtre stillinga si som Administrerande direktør/CEO i Aurland Ressursutvikling AS / Norway’s best AS. Hjelleflat har leia selskapet sidan hausten 2011, og har styrt selskapet gjennom ei formidabel utvikling. I hennar tid er Flåm bygd opp som eit fyrtårn i norsk reiseliv og selskapet er blitt ein profesjonell reiselivsaktør i nasjonal samanheng.
Det vert ekte countrystemning når den amerikanske countryartisten Ry Bradley og bandet hans vitjar Flåm og Dyrdal i Nærøyfjorden, 30. juli - 06. august. I løpet av 6 dagar held dei totalt 8 konsertar på ulike arenaer i området.
Norway's best AS opnar i dag, fredag 9. juli, Laksen Bakeri & Kafé i Lærdal sentrum. Med sentral plassering i nyrenoverte lokale i Nasjonalt Villakssenter, tilbyr bakeriet eit stort utval bakevarer og steinomnsbakt pizza. I tillegg til take away, er det lagt til rette for å kunna nyta maten både inne og ute. Saman med bakeriet, husar lokala også lakseobservatorium og Sogn Kunstsenter.
Endeleg kan ein få oppleva den berømte Ekstremsportveko-stemninga i Flåm! Måndag 28. juni vert ein dag fullspekka med opplevingar på Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og i hagen til Fretheim Hotel. Det vert dødsing, luftsport, DJ, grilling og nettopp - herleg stemning.
Lørdag 19. juni starter Norway’s best AS opp Fjord Cruise Narvik, en ny båtrute med daglige avganger mellom Narvik og Rombaksbotn i sommer. Ruten vil opereres av fartøyet Fjord Lady, og i tillegg til utsikt til flott natur vil den gi et godt innblikk i områdets spennende historie. Gjester kan også kombinere fjordcruiset med en togtur med Arctic Train og vandring på den historiske Rallarveien.
Fretheim Hotel har opna nytt konferansesenter i Flåm. Det historiske hotellet satsar på konferansemarknaden, og ser at bedrifter no er klar for å samlast igjen etter over eitt år med heimekontor og lite sosialt. Konferansesenteret har dei mest moderne fasilitetane i området med fokus på fleksible løysingar, som mellom anna gjev molegheit for hybride møte som kan inkludere digitale deltakarar.
Verksemdene i Flåm opnar att etter at det meste har vore stengt gjennom vintersesongen 2020/21, og planlegg for ein sommarsesong lik i fjor. Fretheim Hotel opna dørene måndag 19. april og gler seg over å kunne ynskje gjestar til både kjekke arrangement og det nye kurs og konferansesenteret som opnar i mai. 1. mai vert sesongopninga sparka i gang med aktivitetsdag for heile familien i Flåm.
Flåm AS lanserer i dag merkevaren Norway’s best. Flåm tar med seg 20-års reiselivserfaring, og går for nasjonal satsning. Flåm AS skifter samtidig navn til Norway’s best AS. Selskapet skal med den nye merkevaren bidra til å utvikle og posisjonere norske kvalitetsreisemål og reiselivsprodukter ute i den store verden.