Gladmelding: Musikalen Mannen frå La Mancha og Reisa til Julestjerna i Operahuset Nordfjord
Hovudproduksjonen til Opera Nordfjord i haust vert musikalen Mannen frå La Mancha, ein av dei store suksessane på Broadway, skriven i 1965. Publikum skal bli betre kjent med Don Quixote og hans fantasiverd, fortalt på dramatisk vis i eit fengsel under den spanske Inkvisisjonen. Den folkekjære Reisa til Julestjerna har endeleg Nordfjord- premiere 27. november, til glede for heile familien.